Skip to content

Norges Fiskarlag

Startsiden arrow Fiskarlaget Vest arrow Protokoll frå styremøte 17.01.05

Protokoll frå styremøte 17.01.05

Skriv ut E-post
tirsdag 05. april 2005
Protokoll SAK    02/05   HØRINGSNOTAT OM STRUKTURKVOTEORDNING FOR HAVFISKEFLÅTEN.
 

VEDTAK:

"Generelt.

Styret i Fiskarlaget Vest viser til høyringsnotat av 26.11.04 om "Strukturkvoteordning for havfiskeflåten". Det er her lagt fram forslag om:

"1)       å fjerne den forhåndsfastsatte tidsbegrensningen i enhetskvoteordningene.

 2)        å utvide strukturgruppen for fabrikkskipene i torsketrålflåten.

 3)        å oppheve hovedordningen i rederikvoteordningene."

Forslag om oppheving/fjerning av enhetskvoteordninga er foreslått gjort gjeldande for

torsketrålflåten, ringnotflåten, grønlandsreketrålflåten, konvensjonelle på eller over 28 meter, seitrålflåten og industritrålflåten.

Utgangspunktet for utarbeiding av notatet var å oppheve/fjerne enhetskvoteordninga for torsketrålflåten for å m.a. sikre industrien i nord langsiktighet. I ettertid har ein tatt med alle dei ovannemnde gruppene for å hindre at dette skulle bli eit fortløpande spørsmål i dei andre gruppene òg, og den uro/usikkerhet det vil skape rundt strukturordningane.

Det er òg frå Fiskeri- og kystdepartementet lagt vekt på at regelverket skal forenklast og harmoniserast så langt det er mulig.

Styret i Fiskarlaget Vest konstaterer at ulike grupper uansett vil bli handsama ulikt så lenge ein nyttar distriktsmessige bindingar/verkemiddel, t.d. ulike avkortingsreglar etter kvar ein bur i landet.

I notatet går ein inn for fortsatt å oppretthalde gjeldande reglar når det gjeld dei ulike begrensningane og avkortingsreglane med bakgrunn i distriktspolitikk.

Enhetskvoteordning.

Styret i Fiskarlaget Vest vil vise til at det er gruppene ringnot og industritrål, av ovannemnde, som finst i laget sitt distrikt.
 
Styret er kjent med at enhetskvoteordninga har sitt opphav i lov av 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv § 5., Enhetskvote kan tildelast i inntil 13 år, eller 18 år dersom det fartøyet som er teke ut vert kondemnert.

Styret er òg kjent med at enhetskvoteordninga for ringnot framgår av forskrift av 30. juni 2000 nr. 649, og for industritrål framgår reglane av forskrift av 5. juli 2002 nr. 696.
 
< Forrige