Nyheter
Fredagskommentar : Telefon i husan Fredagskommentar : Telefon i husan |
|
|
| fredag 07. november 2008 | |
Fiskeri-og kystministeren proklamerte i går, at ho åpnar den såkalla fiskefusk telefonen frå 1.januar 2009. Telefonen blei stengd i 2001. I følgje styresmaktene er det så mykje fusk i næringa no, at dette blir sett på som eit naudsynt tiltak.
For oss som framleis kallar oss fiskarar, så er det ei fornærming. Verken meir eller mindre. Det betyr ikkje at vi ikkje tek på alvor juks i næringa. Snarare tvert i mot. Men ei slik løysing egnar kun til å skape eit dårleg klima mellom fiskarkameratar. Denne måten å løyse samfunnets utfordringar på, er diverre mest utbreidt i land vi vanlegvis ikkje likar å samanligne oss med. For det er brukt millionar av kroner for å kontrollere denne næringa, og dersom styresmaktene meinar dei ikkja har lukkast, så må dei sjå grundig på det arbeidet som er gjort. No er det eit godt moralsk utgangspunkt for alle, at vi melder frå dersom vi ser noko som er ulovleg. Det blir heldigvis gjort heile tida. Det er også eit godt utgangsspunkt å ville ha eit samfunn som er mest mogleg lovlydig. Det tjener alle på. At ei spesiell yrkesgruppe skal ha sin eigen tipstelefon er ei stigmatisering, og eit generelt varsel til omverda om at fiskarane i utgangspunktet er kriminelle. Eg meinar vi har løfta oss som yrkesgruppe i alle deler av samfunnet. No får fiskarane den tvilsame ære, at andre i samfunnet rundt, kan ta telefonen natt og dag for å så tvil om fiskarane sin etikk og moral. Mykje av rykta om juks med fiskekvoter er diffuse. Saker som blir handert i rettsapparatet er rimelig konkrete, og kan danne grunnlag for eit visst bilde. Det blir snakka om denne "storhundra" som betyr at fiskarane visstnok bokfører 100 kilo, men leverer meir, og justerer det med prisen. Om så skjer, og har det omfang som ein kan får inntrykk av, så må no fiskekjøparane selje meir fisk enn dei tek i mot. Dersom det kjem på land masse fisk som ikkje blir bokført, så må det no finnast igjen i eksportstatistikken.? I dagens dataverden så må det gå an å sjekke. Og det som er enda verre: Dersom kontrollstyresmaktene veit at dette skjer. Kvifor grip dei ikkje inn.? Vi skal aldri slå oss til ro med at det foregår juks i næringa. Men det er eit langt og klokt stykke frå det til å i verksette tiltak, som bryt ned tilliten mellom næring og styresmakter. Sjølv om du kjem til kai og har alt ditt på det tørre, så er det ein ekkel tanke at nokon - oftast på sviktande grunnlag- sit med telefonen i handa for å varsle om eit eller anna som dei trur, og ikkje veit. Det sunne vitet tilseier at dette blir ein uhaldbar situasjon, både for dei som skal kontrollere og dei som blir kontrollerte. Etter mitt syn er dette eit tilbakesteg i forhold til det både vi og styresmaktene i felleskap har prøvd å få til for å få ei mest mogeleg rein næring. Det kunne skapt ein viss harmoni og lys i husan. Så kunne styresmaktene brukt telefonen til noko meir konstruktivt, som til dømes å spikre redningspakkar for norske bankar pr sms. God helg KAH
|
| < Forrige | Neste > |
|---|
| Mannskapsseksjonen |
| Båteierseksjonen |