Sogn og Fjordane Fiskarlag
Protokoll
Prookoll frå styremøte 17.09.2007 Prookoll frå styremøte 17.09.2007 |
|
|
| fredag 21. september 2007 | |
|
PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE 17. SEPTEMBER 2007.
År 2007, den 17. september kl. 10.00 vart det halde styremøte i Sogn og Fjordane Fiskarlag på kontoret i Måløy. Desse møtte: leiar Nils Myklebust Geir Magne Røys Stig Oldeide Thomas A. Hjønnevåg Magne Kristiansen (forfall også frå varamenn) Tore Landøy (forfall også frå varamenn)
Norges Fiskarlag: (Landsstyret) Ståle Vedvik (forfall)
Fiskeridirektoratet Region Vest: Gunvor Lødøen
Avd.leiar/sekretær: Oddmund Kvalheim
Møtet slutta kl. 15.00.
Innkalling og sakliste samrøystes godkjend. SAKLISTE: Sak 44/07- Referatsaker innkomne postlister. Sak 45/07- Referatsaker utgåande postlister. Sak 46/07- Oppnemningar. Sak 47/07- Rekneskapen per 31.08.07. Orientering. Sak 48/07- Godkjenning av protokollar. Sak 49/07- Landsmøtesak 2007 - Problem med seismikk og fiskeri. Sak 50/07- Konstituering av Arbeidsutval i Sogn og Fjordane Fiskarlag. Sak 51/07- Formannskonferanse - 90 årsmarkering 2008. Sak 52/07- Fiskarkalenderen 2008. Sak 53/07- Sponsorsøknad: Markering av redningsdåd på Bulandet 29.09.07. Sak 54/07- Høringsnotat frå Fiskeri- og Kystdepartementet om størrelsesbegrensing for store kystfartøy. Sak 55/07- Husleigeavtale. Sak 56/07- Hummarfisket - nytt regelverk. Sak 57/07- Breiflabbreguleringar. Garnmengde og maskevidde. Sak 58/07- Handlingsplan for økt kvinneandel i marin sektor. Sak 59/07- Vurdering av nødhavnlokaliteter i Vest-Norge. Sak 60/07- Stad Skipstunnel.
Sak 44/07- REFERATSAKER: VISER TIL VEDLAGDE POSTLISTE: Postjournal nr. 0338 til nr. 0423 - 06.09.2007 VEDTAK: Styret tek referatsakene til etterretning.
Sak 45/07- SAKER HANDSAMA ADMINISTRATIVT: VISER TIL VEDLAGDE UTGÅANDE POSTLISTE: Postjournal per 07.06.2007 til 23.08.2007. VEDTAK: Styret tek administrasjonen si handsaming til etterretning.
Sak 46/07- A: REPRESENTASJON.
Norges Fiskarlag Landsmøte 2007: Som gjester møter: Nils Myklebust, 6700 Måløy. Oddmund Kvalheim, 6700 Måløy.
Som utsendingar frå Sogn og Fjordane Fiskarlag: Stig Oldeide, 6718 Deknepollen. Thomas Hjønnevåg, 5335 Straume. Geir Magne Røys, 6727 Bremanger.
•16.08.07- Kurs - Årsmøte i HK - Fiskarorganisasjonens Funksjonærforening 05. - 07.10.07. VEDTAK: Avd.leiar Oddmund Kvalheim får fri med løn til å møte på Årsmøtet 2007.
•23.08.07- Invitasjon til Norges Fiskarkvinnelags 21. Landsmøte 2007. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner ingen som utsending til Landsmøtet i Trondheim 21. - 23.09.07. Formann Nils Myklebust vert tilstades som innleiar i sak om miljørisiko og beredskap langs norskekysten.
B: OPPNEMNINGAR.
10.08. 07- Ungdomsrepresentantar til NF Landsmøte 2007: Ungdomsrepresentantar er invitert med som gjestar, med talerett, utan stemmerett, mot at fylkeslaget dekkjer kostnader ved reise og opphald.
VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner hermed følgjande ungdomsrepresentantar: Geir Henning Seljeseth, 6917 Batalden Tor Erik Hoddevik, 6740 Selje. Sogn og Fjordane Fiskarlag dekkjer: reise, opphald og kost. Tapt arbeidsforteneste/dagpengar vert ikkje dekka av fylkeslaget. Lokallaga der ungdomane er medlem oppmodast om å yte stipend til ungdomane. Ved forfall har formann/arbeidsutval fullmakt til å peike ut andre ungdommar.
Møtet finn stad på Rica Parken Hotell, Ålesund 12.09.2007. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Nils Myklebust og Stig Oldeide som deltakarar på møtet.
16.08.07- Invitasjon til Årsmøte i Nordland Fylkes Fiskarlag 27. - 28.09.07. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner ingen til møtet i Bodø.
04.09.07- Invitasjon til møte i Måløy 17.09.07 hos Fiskeridirektoratet Region Vest. VEDTAK: Styremedlemmer i Sogn og Fjordane Fiskarlag deltek på møtet for å diskutere nye reglar, freding i ein avgrensa periode og utsetting av hummaryngel.
04.09.07- Nordic mining ASA inviterer til høyring i Førde 24.09 - 27.09.07. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag kan ikkje møte på høyringa. Til å ivareta fiskarane sine interesser vedkommande rekefelt, laksefiske og forureining deltek Regiondirektør Hans Cato Haddal frå Fiskeridirektoratet Region Vest på møtet. Om mogeleg kan leiar Nils Myklebust delta når fiskeriinteresser og forureining vert handsama.
Møre og Romsdal Fiskarlag skal halde Årsmøte 23. - 24.11.2007. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner ein frå styret og avd.leiar Oddmund Kvalheim som deltakarar om vi blir inviterte.
Sak 47/07- REKNESKAP PER 31.08.2007: Rekneskapen per 31.08.2007 for Faglaget vart framlagt. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag tek den framlagde førebels rekneskapen for Faglaget per 31.08.2007 til etterretning.
Sak 48/07- GODKJENNING AV PROTOKOLLAR: STYREMØTE: 13.07.07- Protokoll frå styremøte. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag godkjenner den framlagde protokollen frå styremøte 13.07.07 samrøystes.
TELEFONSTYREMØTE: 21.08.07- Protokoll frå telefonstyremøte. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag godkjenner den framlagde protokollen samrøystes.
Sak 49/07- LANDSMØTESAK 2007 - PROBLEM MED SEISMIKK OG FISKERI. Viser til telefonmøte og vedtaket i styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag 21.08.2007. "Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag krev hermed at problema med seismikkskyting, lydforureining, forsking og sporing vert tekne opp til handsaming som eiga sak under Norges Fiskarlag sitt Landsmøte 2007." Formann Nils Myklebust har vore i kontakt med Sam Sør og Sam Nord i saka, og vore tilstades på eit møte i Trondheim mellom Fiskarlaget, Oljedirektoratet og Fiskeridirektoratet den 14.09.07. Under møtet i Trondheim kom det uklare signal om Fiskeridirektoratet si handsaming av seismikk i høve til saltvassfisklova ved lovbrot/overtredingar. Vi meiner at det er Fiskeridirektøren sitt ansvar også ved slike konfliktar. Jamfør vedtak i Sam Sør. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane tek orienteringa frå møtet til etterretning og krev at rollefordeling og ansvar mellom Oljedirektoratet og Fiskeridirektoratet vert avklara snarast. Vi er skuffa over at ikkje Fiskeridirektoratet har teke dette meir på alvor. Vi kan ikkje akseptere at dette dreg ut i tid. Ei av årsakene til at konfliktane har oppstått, er at brot på lovgjeving ikkje har vore påtala eller hatt nokon konsekvens. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag krev derfor at Norges Fiskarlag følgjer desse sakene tett opp ovanfor politisk leiing i begge departement. Det er sterkt beklageleg at Statsminister/Fiskeriminister og leiarar for fleire politiske parti står fram i media og seier at det ikkje har vore konfliktar i Nordsjøen mellom seismikk og fiskarar. Informasjonen om konfliktar er kjent stoff i begge direktorat, at dei eventuelt ikkje har bringa dette vidare kan vi ikkje akseptere. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppmodar fiskarar som har hatt økonomisk tap om å ta kontakt med Norges Fiskarlag sin advokat Ståle Hellesø for å fremme krava sine om økonomiske tap overfor Fiskeridirektoratet si nemnd. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag vil på denne bakgrunn fasthalde vårt krav om at seismikk og fiskeri vert teken opp som eiga sak på Landsmøtet 2007. Kravet er innsendt i god tid i høve til Norges Fiskarlag sine lover. Vi krev at Landsstyret set dette opp som sak. Dersom dette ikkje er mogeleg krev vi ei god handsaming av Seismikk/fiskeri under den"fiskeripolitiske saka" med eigen innleiar i dette kapittel.
Sak 50/07- KONSTITUERING AV ARBEIDSUTVAL I SOGN OG FJORDANE FISKARLAG. Arbeidsutvalet i Sogn og Fjordane Fiskarlag har tidlegare bestått av formannen (autoline), nestformannen (sjark) og eit styremedlem (not/ringnot), med resten av styret som varamenn. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag konstituerer seg med følgjande medlemmer i Arbeidsutvalet for årsmøteperioden 2007 - 2009: Formann: Nils Myklebust, 6700 Måløy. Nestformann: Geir Magne Røys, 6727 Bremanger. Medlem: Magne Kristiansen, 6727 Bremanger. Varamedlemmer: resten av styret for perioden 2007 - 2009.
Sak 51/07- FORMANNSKONFERANSE - 90 ÅRSMARKERING 2008. Sogn og Fjordane Fiskarlag vart stifta 28. okt. 1918. Derfor bør neste års Formannskonferanse og 90 årsmarkeringa planleggjast i god tid. Det er derfor ynskjeleg allereie no å fastsette tidspunkt, stadval og aktuelle saker. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag ynskjer derfor at Formannskonferansen 2008 og 90- årsmarkeringa vert lagt til våren 2008. Til å førebu konferansen og markeringa utpeikar styret formann Nils Myklebust, nestformann Geir Magne Røys i tillegg til administrasjonen.
Sak 52/07- FISKARKALENDEREN 2008. Tilbod frå Norges Fiskarlag datert 24.08.07 på Fiskarkalenderen 2008. Pris kr. 70,00 pluss m.v.a. og frakt. VEDTAK: Administrasjonen har tinga 50 eksemplar av Fiskarkalenderen 2008 i korrigert utgåve. Styret i Sogn i Sogn og Fjordane Fiskarlag godkjenner bestillinga.
Sak 53/07- SPONSORSØKNAD: MARKERING AV REDNINGSDÅD PÅ BULANDET 29.09.07. Søknad motteken per faks 30.08.07. Offisiell redningsdåd-markering på Hillersøy Bulandet 29.09.07. Opning av Nordsjøløypa og skulpturane som eit symbol på kystkvinna. VEDTAK: Sogn og Fjordane Fiskarlag disponerar ikkje sponsormidlar på budsjettet, men vil løyve kr. 1.000,00 til dette arrangementet. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag ynskjer Temaparken i Bulandet til lykke med arrangementet.
Sak 54/07- HØRINGSNOTAT FRÅ FISKERI- OG KYSTDEPARTEMENTET OM STØRRELSESBEGRENSING FOR STORE KYSTFARTØY. Sak motteken frå Norges Fiskarlag på faks 30.08.2007. Saka er sendt ut til styremedlemmer og lokallaga. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag har drøfta notatet, og kjem med følgjande merknader:
Sak 55/07- HUSLEIGEAVTALE. Husleigeavtala for kontorlokala til Sogn og Fjordane Fiskarlag går ut 31.12.2007 med frist til fornying 30.09.2007. Avtaleutkastet vart gjennomgått av styret. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane godtek avtaleutkastet og gjev formann Nils Myklebust og avd.leiar Oddmund Kvalheim fullmakt til å underteikne husleigeavtale for tre år med opsjon på nye tre år.
Sak 56/07 HUMMARFISKET - NYTT REGELVERK. Fiskeridirektoratet Region Vest inviterer til ope møte vedkommande nye reglar for hummarfisket med følgjande alternativ.
Saka er også motteken per E-post frå Norges Fiskarlag v/Elling Lorentsen. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag viser til sak 09/07 der vi foreslo teinebegrensing. Dette kravet vart avvist då saka vart handsama i Norges Fiskarlag. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag vil hermed kome med følgjande merknader/krav:
Sak 57/07- BREIFLABBREGULERINGAR. GARNMENGDE OG MASKEVIDDE. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag viser til vedtak i sak 34/06 vedkommande breiflabbfisket. Vi etterlyste meir forsking på bestanden og vurdering av skillerist i krepsetrålfisket for å unngå eit fordekt konsumfiske, utan at vi fekk medhald i det. Vi konstaterte også at reguleringsforskriftene med ei bruksmengde på 500 garn uavhengig av storleik på fartøy og bemanning må endrast fordi ei besetning på fleire personar kan trekke meir garn på ein forsvarleg måte enn ein 1-mannsjark. Forslag til bruksmengde må innsendast til Fiskeridirektøren og utvalet til vurdering: Bruksmengde for 1-mannsjark vurderast sett til 500 garn som idag. Garnmengde vurderast aukast med 150 garn for 2 mann per fartøy til 650. Garnmengde vurderast aukast med 150 garn for 3 - 4 mann per fartøy til maks 800.
VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag vil på nytt be om at Fiskeridirektoratet og Norges Fiskarlag handsamar følgjande punkt før forskriftene for 2008 vert fastsett:
Sak 58/07- HANDLINGSPLAN FOR ØKT KVINNEANDEL I MARIN SEKTOR. Sak datert 29.08.07 motteken frå Norges Fiskarlag med svarfrist 15. okt. 2007. Kvinneandelen i fiskaryrket i Sogn og Fjordane er låg med berre 14 registrerte kvinner. Dette er berre 1,71% av fiskarane i Sogn og Fjordane. På landsbasis er det 285 kvinner og dette utgjer 2,20% kvinner. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag har handsama saka og vil kome med følgjande merknader/forslag:
Sak 59/07- VURDERING AV NØDHAVNLOKALITETER I VEST-NORGE. Sak datert 23.07.2007 motteken frå Norges Fiskarlag. Saka har vore utsendt til styremedlemmer og lokallaga i Sogn og Fjordane.
VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag har motteke følgjande merknader: 208 - Vilnesfjorden kategori 1, må strykast som naudhamn fordi den ikkje er eigna. 209 - Nybø kategori 2, må strykast som naudhamn fordi den ikkje er eigna. 211 - Herlandsvika kategori 2, må strykast som naudhamn fordi den ikkje er eigna. Vi vil istaden foreslå Eidsfjorden i kategori 1 (sidefjord til Stongfjorden). Denne er lett tilgjengeleg og djup og rein fjord med lite bebyggelse rundt.
Sak 60/07- STAD SKIPSTUNNEL.
Stig Oldeide og Nils Myklebust var tilstades i Ålesund den 12-9-07 på Kystdirektoratet sin presentasjon av Hurtigrutealternativet og eit større alternativ til innslag vest om Selje. Sogn og Fjordane Fiskarlag er gjennom pressa orientert om at Kystverket vil utreie begge alternativa, fordi steinmassen på det vestlegaste innslaget kan ha større verdi. Det vestlege alternativet vil innebere at der skulle leggast ein molo ut for innløpet. Dette ser Sogn og Fjordane Fiskarlag på som ei dårleg løysing, då problemet med dragsug i Sw-W-NW storm vil verte eit problem for trafikken. Det er nettopp under slike tilhøve, og fordi meteorologar og forskarar spår mykje ekstremver på vestlandskysten i åra som kjem, at hurtigerutetunnelen som alt er utgreid kjem til sin rett i dårleg ver. Vestlegaste alternativ er eit delvis freda/bandlagt område ved at kulturlandskapet ved Hoddevikfjellet ikkje kan rørast. Jamfør nektinga av vindmølleparken. Vestlegaste alternativ Skårbø/Fløde med molo kjem i konflikt med den freda Seljeøya og Selje Kolster. Vi ser på dette som ei uthaling, med endå fleire utgreiingar og prosjektet vil vert sett endå lenger ut i tid.
VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag meiner at Hurtigrutealternativet er det einaste alternativet og vil oppmode Kystdirektoratet om å konsentrere seg om dette. Vi meiner at dette alternativet er det mest realistiske og framtidsretta prosjektet og at ein bør konsentrere seg om berre dette. Miljøgevinsten aleine er så stor at prosjektet vert lønsamt. Saka har teke altfor lang tid allereie og vi krev no fortgang og ikkje fleire utsettingar.
__________________________ _____________________________ Nils Myklebust Geir Magne Røys
_____________________________ __________________________________ Thomas A. Hjønnevåg Magne Kristiansen (forfall)
_____________________________ ________________________________ Stig Oldeide Tore Landøy (forfall)
_____________________________ Oddmund Kvalheim sekretær
_____________________________ Ståle Vedvik (forfall) Landsstyremedlem
|
| < Forrige | Neste > |
|---|
| Mannskapsseksjonen |
| Båteierseksjonen |