Skip to content

Norges Fiskarlag

Startsiden arrow Sogn og Fjordane Fiskarlag arrow Protokoll arrow Protokoll frå styremøte 16. april 2008

Protokoll frå styremøte 16. april 2008

Skriv ut E-post
onsdag 23. april 2008
 

PROTOKOLL FRÅ

STYREMØTE 16. APRIL 2008.

 

År 2008, den 16. april kl. 09.00 vart det halde styremøte i Sogn og Fjordane Fiskarlag på Victoria Hotell i Florø.

Desse møtte:               leiar     Nils Myklebust           Geir Magne Røys

                                             Thomas Hjønnevåg    Isak Stave

                      

Norges Fiskarlag: (Lansstyret)    Ståle Vedvik             

 

 

Avd.leiar/sekretær:                  Oddmund Kvalheim

                                             Kristin Elde Færestrand

 

Møtet slutta kl. 11.00.

Innkalling og sakliste samrøystes godkjend.

SAKLISTE:             

Sak    24/08-   Organisering av temamøtet/formannskonferansen 2008.

Sak    25/08-   Saker handsama administrativt.        

Sak    26/08-   Oppnemningar.          

Sak    27/08-   Rekneskapen per 31.12.07. Orientering.

Sak    28/08-   Godkjenning av protokollar.

Sak    29/08-   N.v.g. sild - fangsting og omsetningsproblemer.

Sak    30/08-   Miniubåt i Sogn og Fjordane.

Sak    31/08-   Deltakarbegrensing utanfor 4-mila i fiske uregulerte fiskeslag.

Sak    32/08-    "Rødlista" for truga fiskeartar.

Sak    33/08-    Behov for værvarsler til havs.

Sak    34/08-    NOU 2008: 5 - Retten til fiske i havet utenfor Finmark

 

 

 

Sak   24/08-    ORGANISERING AV TEMAMØTE/FORMANNSKONFERANSEN.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag innstiller på følgjande:

Køyreplan for møtet vert godkjend som framlagt.

Dirigentar:      Nils Myklebust og Ståle Vedvik.

Toastmaster:   Knut Arne Høyvik

Drikke til middagen etter avtale med hotellet.

Fylkeslaget dekkjer hotell med full pensjon for ungdomsrepresentantane og lokallaga dekkjer stipend og reiseutgifter for ungdomane.

Sak  25/08-     SAKER HANDSAMA ADMINISTRATIVT:

  • 03.03.08- Søknad om sponsorpakke til Tall Ships Race Måløy 2008:

Sogn og Fjordane Fiskarlag kan ikkje støtte søknaden då vi ikkje disponerar sponsormidlar på budsjettet.

 

  • 09.03.08- Søknad om anonymiserte sporingsdata for 2004 - 2005 og 2006.

Vi har motteke anonyme sporingsdata for 2005 og 2006 per E-post til bruk på temamøtet i Florø.

VEDTAK:    

Styret tek administrasjonen si handsaming til etterretning.

Sak  26/08-    

A: REPRESENTASJON.

 

 

B: OPPNEMNINGAR.

07.02.08-        Invitasjon til Distriktsrådsmøtet for Redningsselskapet i Sogn og Fjordane i Florø 16.02 og 17.02.08.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Svein Utvær som utsending til møtet.

 

 

31.01.08-        Invitasjon til fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag 06.03 og 07.03.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Stig Oldeide som utsending til møtet.

 

27.03.08-        Vedk. deltaking i referansegruppe i Sogn og Fjordane fylkeskommune som skal handsame fylkesdelplan for vindkraft.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Nils Myklebust med Geir Magne Røys som vara til referansegruppa når dei skal handsame vindmøller/havvindmøller som berører kystsona eller havet.

 

 

10.03.08-        Invitasjon til representantskapsmøte for Vest-Norges Fiskesalslag på Quality Hotell i Florø 17.04.08.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Nils Myklebust som deltakar med Geir Magne Røys som vara.

 

 

27.03.08-        Representantskapsmøte i Sør-Norges Notfiskarlag 25.04.08 i Haugesund.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner ingen deltakar til møtet.

 

 

02.04.08-        Måløy Vekst AS inviterer til vindkraftseminar 15.04.08.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Nils Myklebust og Ståle Vedvik som deltakarar.

 

09.04.08-        Årsmøte i Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruksfag i SF 21.04.08.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Nils Myklebust til årsmøtet 21.04.08 kl. 13.00 - kl. 15.30 på Norlandia Måløy Hotell med avd.leiar Oddmund Kvalheim som vara.

Sak  27/08-     REKNESKAP PER 31.12.2007 REVIDERT, OG FØREBELS RESULTAT PER 31.03.08:

Revidert rekneskap per 31.12.2007 for Faglaget  vart framlagt og førebels resultat per 31.03.08.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag tek den framlagde reviderte rekneskapen for Faglaget per 31.12.2007 og førebels resultat per 31.03.08 til etterretning.

 

 

Sak  28/08-     GODKJENNING AV PROTOKOLLAR:

STYREMØTE:

17.01.08-        Protokoll frå styremøte.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag godkjenner den framlagde protokollen frå styremøte 17.01.08 samrøystes.

 

Sak   29/08-    N.V.G. SILD - FANGSTING OG OMSETNINGSPROBLEMER.

Viser til vinterens omsettingsproblem for fangsting og omsetting av n.v.g. sild.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag er ikkje nøgde  med Norges Sildesalslags auksjonsystem for n.v.g. sild grunna at mange har førehandsavtaler om kjøp. Enkelte fartøy dett dermed "ned imellom" og må levere mykje av kvota til mjøl og olje. Norges Sildesalslag må kunne dirigere sal og f.eks. puljevis utsegling/turnordning eller fastsette ein utjamningspris på konsum og mjøl/olje.

Det må vurderast at det vert fastsett bruk av mindre nøter om silda står så tett at det er fare for notsprenging/neddreping.

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag krev at Norges Fiskarlag tek tak i problema med fangsting og levering av n.v.g. sild snarast.

Sak   30/08- MINIUBÅT I SOGN OG FJORDANE.                                                              

Viser til vedtak i sak 21/08 om miniubåten på R/S " Platou" i opplag for sal.

Vårt krav er at ROV-utstyret og kunnskapen vert tilgjengeleg i distriktet for framtidig bruk i ettersøking av omkomne på havet. Dersom Redningsselskapet ikkje lenger kan nytte utstyret og kompetansen må det kunne stillast til disposisjon for Kystvakta eller andre.

Viser til E-post motteken frå Paramedic AS om eit konsept og utstyr i beredskap til utrykking med båt, bil eller helikopter./

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag ynskjer at kystvakta og HRS tek tak i saka snarast for å utgreie framtidig ROV-teneste og beredskap. Fleire ulykker hausten 2007 viser at behovet er tilstades og vi krev derfor at Sør-Norge vert dekt av ROV-beredskap per omgåande.

 

Sak   31/08-    DELTAKARBEGRENSING UTANFOR 4-MILA I FISKE  ETTER UREGULERTE FISKESLAG.

Myndigheitene har no fjerna lengdegrensa på 28 meter mellom kyst og hav og erstatta den med lasteromsvolum. På 80/90 talet vart den konvensjonelle flåten som driftar med line for stor og fiskepresset for stort. Flåten over 28 meter har strukturert, kjøpt ut kapasitet frå over 100 til i dag ca. 40 fartøy. Vi kan ikkje no tillate ein ny auke i denne delen av fiskeflåten. Derfor må vi få på plass deltakaradgang for fisket etter uregulerte bestandar slik som lange og brosme utanfor 4-mila i norsk sone og i andre lands soner.

Vi kan ikkje tillate at flåten med rettigheit u/28 meter med fangstgrunnlag/rettigheit torsk med line får deltakaradgang med fartøy med fysisk lengde o/28 meter, for å kunne fiske på uregulerte fiskeslag.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag ber Norges Fiskarlag arbeide for at det vert sett deltakarbegrensing for eit direktefiske etter lange og brosme utanfor 4-mila i norsk sone og i andre lands soner for dagens flåte med rettigheiter etter torsk under 28  meter, med fysisk lengde over 28 meter. Vi ynskjer ikkje at vi idag kan få ei ny utilsikta knoppskyting som vi hadde på sjarkkvotar gjennom opphevinga av lengdegrensa for kystflåten som no er vedteken. Fiskeridirektoratet må ikkje handsame slike søknader før dette er avklara.

Viser forøvrig til Norges Fiskarlags sitt Landsstyrevedtak i sak 90/07.

 

Sak   32/08-    "RØDLISTA" FOR TRUGA FISKEARTAR.

Det er heilt uforståeleg at botnfisken lange er komen på "Rødlista" grunna Havforskingsinstituttet sin påstand og kanskje feil bruk av statistikk. Hadde Havforskingsinstituttet brukt statistikken sin over fiskedøgn, hadde denne tabben vore unngått. Det var ca. 100 konvensjonelle fartøy o/28 meter som fiska på arten i år 2000. No er det berre ca. 40 stk att. Det var næringa som tok initiativet til reduksjonen av flåten og fiskepresset vart redusert. Næringa har bygd ned denne kapasiteten for eigne midlar. Fangstane etter lange har auka etter 2003 per dagsfangst og hovudmålet med struktureringa for å bevare og auke bestanden av lange og brosme har vi lukkast med.

Slik saka står no er det flåten o/28 meter som er syndaren som fiskar på ein utryddingstruga art. I verste fall kan statistikken til Havforskingsinstituttet framstå som kriminaliserande overfor fiskarane og dermed øydelegge ein godt betalande marknad ubegrunna.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag krev på denne bakgrunn at Norges Fiskarlag tek opp saka med Havforskingsinstituttet og myndigheitene per omgåande, før fiskarane vert uthengde som miljøkriminelle og marknadane er borte grunna feil og lettvint bruk av statistikk.

Havforskingsinstituttet må straks korrigere og dementere slik at langa vert teken ut av "Rødlista" umiddelbart, som ein truga art. Havforskingsinstituttet må også kvalitetssikre tala sine for andre artar på lista.

Sak   33/08-    BEHOV FOR VÆRVARSLER TIL HAVS.

Meteorologisk Institutt ynskjer å sløyfe varsel for "Strekninga Vesterålsbankene til Jan Mayen" i framtida. For havområda vest for Vesterålsbankane lagast det varsel 2 gonger per døgn som vert utsendt på NAVTEX og kystradioen.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag ser på varselet for området som særs viktig sikkerheitsaspekt grunna fisket på bankane i Barentshavet og endring i vandringsmønster for pelagiske artar som sild.

 

SAK   34/08-  NOU 2008: 5 -RETTEN TIL FISKE I HAVET UTENFOR FINNMARK.

Sak på høyring frå Fiskeri- og Kystdepartementet.

Frist 1 des. 2008.

VEDTAK:

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag krev at fiskarar med adresse frå Sogn og Fjordane får rett til å fiske i alle norske farvatn utan fortrinnsrett for nokon.

Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag vil kome med eit høyringssvar i saka på eit seinare møte.

 
< Forrige   Neste >