Legg til en artikkel Protokoll frå styremøte i SFF 24.08.09 |
|
|
| torsdag 01. oktober 2009 | |
|
PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE 24. AUGUST 2009.
År 2009, den 24. august kl. 12.30 vart det halde styremøte i Sogn og Fjordane Fiskarlag på kontoret i Måløy.
Desse møtte:leiarJarl Magne Silden K. Korneliussen Inge Storehaug Th.Hjønnevåg Stig Oldeide Magne Kristiansen
Norges Fiskarlag: (Landsstyret) Ståle Vedvik
Fiskeridirektoratet Region Vest: Hans Haddal
Avd.leiar/sekretær: Oddmund Kvalheim
Møtet slutta kl. 16.00.
Innkalling og sakliste samrøystes godkjend.
SAKLISTE: Sak 32/09- Referatsaker innkomne postlister. Sak 33/09- Referatsaker utgåande postlister. Sak 34/09- Konstituering av styret - val av arbeidsutval. Sak 35/09- Godkjenning av protokollar. Sak 36/09- Oppnemningar/representasjon. Sak 37/09- Personalsak. Sak 38/09- Ungdomsrepresentant til Landsmøtet i Norges Fiskarlag 11. - 13. nov. 09. Sak 39/09- Fordeling av sei S62ºN - Innstilling frå arbeidsgruppe. Sak 40/09- Søknader om sponsormidlar og annonse. Sak 41/09- Opprensking av tapte fiskereiskap 2009. Sak 42/09- Forslag om lovendringar til handsaming på Landsmøtet 2009. Sak 43/09- Forslag til endringar i deltakarlova, fiskeforbudslova, havressurslova m.v. Sak 44/09- Handlingsprogram Kystverket 2010 - 2019. Sak 45/09- Høring - ny forskrift om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar. Sak 46/09- Visjonsutvalet sin innstilling. Sak 47/09- Kysttorskforvaltning i Sør-Norge og fjordlinjer. Sak 48/09- Konflikt seismikkskip "Geo Baltic" og m/s " Sjøgutt". Sak 49/09- Regulering av fisket etter makrell i kystfartøygruppa. Sak 50/09- Høring om fastsettelse av forskrift om regulering av fisket med bunnredskap i Norges økonomiske sone, fiskevernsonen rundt Jan Mayen og fiskevernsonen ved Svalbard. Sak 51/09- Oppfølging av forvaltningsprinsippet.
Sak 32/09- REFERATSAKER: VISER TIL VEDLAGDE POSTLISTE: Postjournal nr. 0126 til nr. 0399/2009 VEDTAK: Styret tek referatsakene til etterretning.
Sak 33/09- SAKER HANDSAMA ADMINISTRATIVT: VISER TIL VEDLAGDE UTGÅANDE POSTLISTE: Postjournal per 17.03.09 til 21.08.09. Saker vi spesielt vil nemne: 04.02.09- Invitasjon til innleiarar på Årsmøtet i Florø 09. og 10.06.09. •26.03.09- Bekymringsmelding - nye takstar for tenester. •21.04.09- Endring i div. forskrifter for mindre fiskefartøy - fartsområde. •24.04.09- Forslag til forskrift om posisjonsrapportering og elektronisk rapportering. •28.04.09- Endring i reguleringsbestemmelser for fangst av hummer. •28.04.09- Fangst av rognhummar til bruk som stamdyr for oppdrett eller havbeite. •02.06.09- Representantskapet i Norges Sildesalgslag v/valnemnda. •13.06.09- Nordsjøsild for kystflåten og SUK-gruppa. 19.08.09- Refordeling for torsk og nordsjøsild. VEDTAK: Styret tek administrasjonen si handsaming til etterretning.
Sak 34/09- KONSTITUERING AV STYRET - VAL AV ARBEIDSUTVAL. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag konstituerer seg og vel arbeidsutval for årsmøteperioden. Arbeidsutvalet har tidlegare vore samansett slik: formann - nestformann og ein styremedlem, helst ein frå kvar gruppe. Resten av styret vert då varamenn. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag konstituerer seg og oppnemner slikt Arbeidsutval: formann Jarl Magne Silden, 6700 Måløy (bankline) nestformann Kristian Korneliussen, 6900 Florø (kyst - garn) medlem Magne Kristiansen, 6727 Bremanger (kystnotgruppa) resten av styremedlemmane vert varamenn.
Sak 35/09- GODKJENNING AV PROTOKOLLAR: STYREMØTE: 17.03.09- Protokoll frå styremøte. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag godkjenner den framlagde protokollen frå styremøtet 17.03.09 samrøystes.
•09.06.09- Protokoll frå styremøte 09.06.09 VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag godkjenner den framlagde protokollen frå styremøtet samrøystes.
ÅRSMØTE: 10.06.09- Protokoll frå Årsmøtet 09.06. og 10.06.09. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag tek den framlagde protokollen frå Årsmøtet i Florø 9. og 10. juni 2009 til etteretning.
Sak 36/09- A: REPRESENTASJON. 22.04.09 Invitasjon til orienteringsmøte om seismikk med Kristeleg Folkeparti si Stortingsgruppe i Oslo. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane oppnemner Jarl Magne Silden til møtet i Oslo. Kristeleg Folkeparti betalar reiseutgiftene og SFF betalar møtegodtgjersle.
13.05.09- Invitasjon til orienteringsmøte om seismikk for Møteplass Marin 15.06.09 i Bergen. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane oppnemner Øystein Sandøy til møtet i Bergen. Møteplass Marin betalar utgiftene.
30.04.09- Invitasjon til Årsmøte i Kystmuseet i Sogn og Fjordane 28.05.09 i Florø. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Edmund Brendø, Florø.
B: OPPNEMNINGAR. 26.03.09- Invitasjon til Representantskapsmøte i Vest-Norges Fiskesalslag. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner avd.leiar Oddmund Kvalheim som utsending til møtet i Florø 23.04.2009.
30.03.09- Møte med K. Sæther frå Norske Shell. Undervannsinstallasjonar på Draugen og Onyx. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Nils Myklebust, Stig Oldeide og Oddmund Kvalheim som deltakarar på møtet.
02.04.09- Vestavind Kraft AS - møte vedk. konsesjonssøknad. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Stig Oldeide og Oddmund Kvalheim som deltakarar på møtet.
02.07.09- Generalforsamling i Opplæringsfartøy AS 2007/2008. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner ingen til møtet grunna fråvær og kort innkallingsfrist.
28.05.09- Invitasjon til Mattilsynet avd. Måløy. Orientering ferskfiskkampanjen. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner avd.leiar Oddmund Kvalheim til møtet/presentasjonen. Grunna mangelfullt og dårleg statistikkarbeid bør ikkje tallmaterialet offentleggjerast i si noverande form, som vist ved presentasjonen.
04.06.09- Høringsmøte vassregion Vestlandet 09.06.09 i Stryn. VEDTAK: Sogn og Fjordane Fiskarlag kunne ikkje møte grunna fiskeri og årsmøtet vårt 09.06.09.
09.07.09- Generalforsamling i Kystvegutvikling i Bremanger 27.07.09. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner ingen grunna fiskeri og anna fråvær.
11.06.09- Årsmøte/90-årsmarkering i Fiskarlaget Vest i Bergen 27.08 og 28.08.09. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane oppnemner formann Jarl Magne Silden og avd.leiar Oddmund Kvalheim som utsendingar til møtet.
•19.08.09- Kysttorskforvaltning sør for S62ºN - møte i Fiskeridirektoratet Bergen. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Stig Oldeide som utsending til møtet.
21.08.09- Møte med listekandidatane til Stortingsvalet 2009 frå Sogn og Fjordane. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner Jarl Magne Silden, Kristian Korneliussen, Ståle Vedvik og Oddmund Kvalheim med vara Stig Oldeide til samarbeidsmøte Fiskarlag/Rederiforening med listekandidatane frå Sogn og Fjordane: Agenda: Fiskeripolitikk for framtida.
22.08.09- Møte i Sogn og Fjordane Fylkeskommune - Prosjektgruppe vindkraft VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner formann Jarl Magne Silden med vara Nils Myklebust til prosjektgruppa for vindkraft 22.09.09.
29. og 30/10: Årsmøtet i Møre og Romsdal Fiskarlag i Kristiansund. VEDTAK: Styret I Sogn og Fjordane Fiskarlag oppnemner nestformann Kristian Korneliussen og avd.leiar Oddmund Kvalheim som deltakarar til årsmøtet.
Sak 37/09- PERSONALSAK. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag tek saka til etterretning.
Sak 38/09- UNGDOMSREPRESENTANT TIL LANDSMØTET I NORGES FISKARLAG 11. - 13. NOV. 09. Sogn og Fjordane Fiskarlag har på Landsmøta til Norges Fiskarlag stilt med to ungdomsrepresentantar, ein frå sør og ein frå nord i fylket. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag må velje om vi framleis skal stille med to ungdomsrepresentantar til Landsmøtet i Norges Fiskarlag og dekkje kostnadane til reise og opphald. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag vedtek å stille med to ungdomsrepresentantar, ein frå sør og ein frå nord, og dekkjer utgiftene til reise/opphald. Stipend/møtegodtgjersle vert då å dekke av lokallaga som har ungdomsutsendingar.
ASKVOLL FISKARLAG: utsending: Daniel Fedøy, 6987 Bulandet mobil: 476 68 066 vara: Øystein Fedøy. 6987 Bulandet mobil: 916 38 839
VÅGSØY FISKARLAG: utsending: Øystein Færestrand, 6700 Måløy mobil: 908 66 958 vara: Erik Solheim Bortne, 6718 Deknepollen mobil: 419 29 277
Ved forfall kan arbeidsutvalet utnemne andre medlemmer.
Sak 39/09- FORDELING AV SEI S62ºN - INNSTILLING FRÅ ARBEIDSGRUPPE. Sak motteken frå Norges Fiskarlag 18.06.09. Saka er fordeling og regulering av sei S62ºN innanfor gruppa nordsjøtrål, avgrensa til nordsjøtrål og pelagisk trål. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag har ingen synspunkt til arbeidsgruppa sin konklusjon i denne saka.
Sak 40/09- SØKNADER OM SPONSORMIDLAR OG ANNONSE.
Sponsorsøknad frå Selje Golfklubb om midlar. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane kan ikkje løyve sponsormidlar grunna budsjett og stram økonomi.
Sponsorsøknad frå m/s Nybakks Venner om midlar. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane ser positivt på at m/s Nybakk vert teken vare på og vert her i distriktet, men vi kan dessverre ikkje løyve sponsormidlar grunna budsjett og stram økonomi.
Annonsesøknad frå Norsk Fiskerinæring. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane kan ikkje løyve midlar til annonsering i Norsk Fiskerinæring grunna budsjett og stram økonomi.
Sak 41/09- OPPRENSKING AV TAPTE FISKEREISKAP 2009. Brev frå Fiskeridirektoratet, utviklingsseksjonen, mottatt 09.07.09. Utsendt til styremedlemmane og alle lokallaga, utan at det er kome inn nokon opplysningar. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag har ikkje mottatt opplysningar å bidra med i saka.
Sak 42/09- FORSLAG TIL LOVENDRINGAR TIL HANDSAMING PÅ LANDSMØTET 2009. Sak motteken frå Norges Fiskarlag 02.07.09. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag har ingen forslag om endringar i Norges Fiskarlag sine lover til handsaming på Landsmøtet 2009.
Sak 43/09- FORSLAG OM ENDRINGAR I DELTAKARLOVA, FISKEFORBUDSLOVA, HAVRESSURSLOVA M.V. Sak på høring mottatt frå Norges Fiskarlag 04.06.09. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag viser til høringsdokumentet frå adv. Ståle Hellesø datert 27.05.09. Vi ser det som positivt at lovene vert oppdatert og fornya. Deltakarlova er eit viktig verktøy for å halde retten til å fiske på fiskarhender. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag er særs skeptisk til at det i lovteksten gjev bankar og andre utanlandske kredittinstitusjonar same mulegheit for sikkerheit som norske selskap har når dei finansierar norske fiskefartøy. Vi må då stille spørsmål om kva som skjer om ein utanlandsk finansinstitusjon ser seg nøydd til å realisere pantet i ein norsk fiskebåt. Kven eig då båt og konsesjon? Dette kan vere med på at konsesjonar og rettigheiter vert endå dyrare, med dei vanskar det kan skape for generasjonsskifte og rekruttering. Kapitalen til fiskerinæringa må finnast i Norge. Island er no tungt ramma av finanskrisa nettopp grunna ukritisk bruk av utanlandsk finansiering og oppblåste verdiar. Styret i Sogn og Fjordane vil at Deltakarlova skal bestå og styrkast fordi det er eit viktig verktøy for å bevare ein sterk, fiskareigd flåte, eigd av unge aktive fiskarar busett på norskekysten. Vi krev også at fylkesbindingane i torskefiskeria må opphøyre, for det er også prisdrivande og lite tenleg for fiskarane både i nord og sør. Sogn og Fjordane Fiskarlag er skeptiske til at Norges Fiskarlag ikkje var representert i utvalet som handsama lovene i ei så viktig sak for næringa ved revisjonen. Ved denne revisjonen har Departementet opptrådt eigenmektig og berre brukt eigne konklusjonar. Vi krev derfor at Norges Fiskarlag sine innspel vert tekne på alvor, fordi fiskerinasjonen Norge ikkje er tente med utanlandske eigarar og finansinstitisjonar.
Sak 44/09- HANDLINGSPROGRAM KYSTVERKET 2010 - 2019. Høringssak motteken frå Norges Fiskarlag 28.05.09. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag viser til tidlegare uttale i saka. Vi er særs skuffa over at dagens ordning med hamnekasse/hamnedistrikt vert avvikla. Vi er kritiske til at det kan verte auke i avgiftsnivå for brukarane ved at kvar kommune kan fastsette nivå ved fri prisfastsetjing. Dagens ordning med hamnestyre og hamnekasse forsvinn og dermed kan inntektene verte brukte til andre ting enn hamneforbetringar. Fiskeflåten legg kvart år igjen store summar i hamnekassa utan å få innflyting på investeringar eller ta vare på opparbeidd næringsinteresse. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag ynskjer at Norges Fiskarlag innhentar og utarbeider prisliste for hamneanløp i norske hamner, og offentleggjer dei på Norges Fiskarlag sine heimesidene, så medlemmane kan vurdere hamn ved anløp.
Sak 45/09- HØRING - NY FORSKRIFT OM INNDRAGING AV FANGST OG BRUK AV INNDREGNE MIDLAR. Høringsnotat datert 24. juni 2009. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag er einige i adv. Ståle Hellesø si utgreiing i saka. Vi reagerar på at ein fiskar kan få inndrege verdien av heile fangsten og samstundes få ei rettsleg straff og bot. Slik dobbelstraff kan vi ikkje akseptere lenger. Fangstverdien av ulovleg fangst kan vi godta vert inndregen, men ikkje heile fangstverdien. Vederlag for ilandføring av "ulovleg" fangst eller fangst over kvote må gje eit større vederlag. Reaksjonane må bli differensiete, avhengig av lovbrudd eller regelbrudd. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag vil foreslå at dersom det var åpenbart tilsikta vert vederlaget berre 20%, mens i tilfelle fiskarane var uheldig med nokre prosent fisk under minstemål eller nokre kg. over kvote, må vederlaget for ilandført, ikkje tilsikta fisk fastsetjast til 50%.
Sak 46/09- VISJONSUTVALET SI INNSTILLING. Sak motteken frå Norges Fiskarlag 02.07.09. Svarfrist til Norges Fiskarlag 05.09.09. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag synest at første halvdel av rapporten ser ut som å vere teken utifrå Norges Fiskarlags historiebok, eller kan brukast som eit nytt kapittel i historieboka. Her var det mykje historieskriving utan visjonar for framtida. Rapporten burde vore enklare, meir utadretta og samfunnsengasjert. Rapporten tek for seg tiltak som: lønnsomheit, differensiert flåte, energi, klima, men litt for lite på rekruttering. Rekruttering av skipparar og maskinistar må meir fram i lyset ovanfor myndigheiter og skuleverket, for her er det eit skrikande behov som burde dokumenterast. Stuktureringa er no komen så langt at det kan verte for få båtar/arbeidsplassar, og dette vil også slå negativt ut for mottaka på landsida. Kommunikasjonsstrategien må omleggjast og rettast meir ut mot storsamfummet. Her må heile fiskarlaget samkjøre mål og ikkje snakke med mange "nebb". Profil og bodskap må vere felles og tydeleg for påvirkning av politikerne og storsamfunnet. Tariffane i Norges Fiskarlag og ei enkel vervebrosjyre må gjevast ut på minst eit anna språk, som engelsk. Styret i Sogn Fjordane Fiskarlag hadde forventa seg fleire klare målretta visjonar for framtida, og vil samstundes etterlyse utvalet sin manglande konklusjon i rapporten.
Sak 47/09- KYSTTORSKFORVALTNING I SØR-NORGE OG FJORDLINJER. Sak motteken fr Norges Fiskarlag og Fiskeridirektoratet. Viser også til møter vedkommande saka og fjordlinjer i Sogn og Fjordane. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag går prinsipielt imot forskinga sine slutningar i rapporten om kysttorskforvaltning og fjordlinjer i Sør-Norge. Vi ynskjer at det vert nedsett eit utval der også Norges Fiskarlag og næringsutøvarane er med for å sjå på status for alt kystfiske og fiskarane sin kvardag, økonomi og reguleringar/kvotar S62ºN.
Sekundært kan Sogn og Fjordane Fiskarlag slutte seg til vedtaket i saka frå Fiskarlaget Sør. Vi går sterkt imot at grunnlinja S62ºN gjevast fjordlinjestatus. Sogn og Fjordane Fiskarlag kan gå med på at seglingsleia til hurtigruta frå S62ºN - Geita, derifrå ei linje til Utvær og til grense Hordaland, kan diskuterast som fjordlinje. Rekefiske: I dag er det berre eit fartøy på 16,34 meter igjen som driv eit marginalt rekefiske. Dei 4 - 5 båtane som dreiv med rekefiske i Sogn og Fjordane var alle mellom 15 - 18 meter. Vi kan ikkje gå med på at rekefiske skal foregå utanfor fjordlinjer eller grunnlinja. Rekefiske i Sogn og Fjordane treng lokal regulering/dispensasjon for å kunne fortsette fiske med dagens maskevidde og utan sorteringsrist. Utanfor fjordlinjer og med nye restriksjonar med maskevidde/sorteringsrist er alt rekefiske og dagens kunnskap om rekefiske/fiskefelt borte for generasjonar. Dagens rekefiske i Sogn og Fjordane gjev så liten bifangst av anna fisk/torsk at rekefiskaren ikkje held seg med kokefisk, men må kjøpe kokefisk. Sogn og Fjordane Fiskarlag krev derfor meir forsking på kysttorsk og andre kystnære artar. Der lokale stammar er svake, må utsetting av yngel av truga artar vurderast, slik som torskeyngel.
Sak 48/09- KONFLIKT SEISMIKKSKIP "GEO BALTIC" OG M/S " SJØGUTT". Den 14.07.09 skada seismikkfartøyer "Geo Baltic" fiskebruket til m/s "Sjøgutt" SF-81-B av Bremanger i posisjon N62º44`00 E005º04`. Dette er på Møreblokkene, som i denne stortingsperioden er unntatt for olje/seismikkverksemd. I løyvet, datert 17.03.09, frå Oljedirektoratet, som seismikkfartøyet fikk for perioden 06.04.09 til 30.09.09 står det følgende: "Vi gjør oppmerksom på at undersøkelsesområdet grenser til (berører) områder hvor det ikke skal drives petroleumsvirksomhet, og vi understreker at det ikke må samles inn data innenfor disse områdene." Garna var innmeldt til Bruksvakta og Bruksvakta hadde advart fiskerikyndig om bord i seismikkfartøyet "Geo Baltic"om å gå inn i dette området. Alle opplysningane er loggført hos Bruksvakta, Sortland. Etter episoden vart saka teken opp med Bruksvakta, Kystvakta, Fiskeri- og Kystdepartementet, Oljedirektoratet, Fiskeridirektoratet, Statsadvokaten for Sør-Norge og anmeldt til Lensmann i Bremanger, utan at nokon har reagert eller kome med tilbakemelding. Myndigheitene vart også oppfordra til å sende Kystvakta om bord i seismikkskipet "Geo Baltic" for å sikre bevisa i saka, men dette er utelatt uvisst av kva årsak. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag ber hermed Norges Fiskarlag sin adv. Ståle Hellesø ta tak i saka, då dette er eit klårt lovbrot. Seismikkfartøyet "Geo Baltic" har operert på Møreblokkene, som var unntatt for seismisk verksemd, og imot advarsel frå Bruksvaktsentralen. Viser til fiskerikyndige sin rapport om hendinga der han bekreftar posisjonar og at det var ein brukskonflikt. Etter fiskerikyndige sin rapport kan vi dra den slutning at seismikkfartøyet hadde dreve undersøkingar i heile området i lang tid på Møreblokkene, mot Oljedirektoratet sitt løyve, utan å vere i direkte konflikt med fastståande bruk tidlegare. Fiskefartøyet m/s " Sjøgutt" måtte då flytte garna til ein annan posisjon, men fiskeriet vart då så dårleg at det ikkje var drivverdig. Han fikk då eit økonomisk stort tap for resten av sesongen som må erstattast. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag ynskjer hermed ei rask tilbakemelding i saka frå advokat Ståle Hellesø og myndigheiter. Vi ynskjer at Norges Fiskarlag sin advokat prioriterer saka.
Sak 49/09- REGULERING AV FISKET ETTER MAKRELL I KYSTFARTØYGRUPPA. Høringsnotat frå Norges Fiskarlag datert 04.08.09 VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag viser til høringsnotat datert 09.07.09 og innspel frå Askvoll Fiskarlag. Sogn og Fjordane Fiskarlag er i utgangspunktet positive til forenklingar i reguleringane. Når det gjeld dei større notbåtane meiner vi at reguleringa med enkle grep vil fungere bra: Fisket må overregulerast med nokre få prosent slik at vi i størst mogeleg grad unngår refordelingar utover i sesongen. Om gruppekvoten blir overfiska, eller ikkje heilt oppfiska, kan ein heller overføre litt frå/til neste år. Alternativt kan ein gå inn på same løysing som på NVG-silda med at noko av fartøykvoten kan flyttast over årsskiftet. Det ser heller ikkje ut til at strukturgevinsten har vore teken med når fartøykvotane er fastsette siste åra. Dette er svært uheldig. Vi er svært skeptiske til at det kan bli mogeleg å fiske dorgekvotar med not. Dette vil skape eit stort struktureringspress der dorg blir oppkjøpt av not. Prisane på rettigheitene vil då stige til nivå der det vert heilt umogeleg for dorgarar å slå seg saman. Det skal også svært mange dorgekvotar til for å «fylle opp» ein stor notbåt, slik at dette vert ei voldsom strukturering. Dette er vi heilt imot. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag meiner at gruppa under 11 meter må regulerast uavhengig av dei andre p.g.a. at dei ikkje har høve til å slå seg saman. Dei må difor ha ei større overregulering enn dei andre. Det er og naturleg å skilje på 11m, og ikkje på 13m, sidan 11m er innarbeidd grense på dei same båtane i torskefiskeria. Vi vil også poengtere at vi er mot strukturering i gruppa under 11m. Gruppekvoten på makrell er stor nok i forhold til antall båtar som reelt fiskar. Det er viktig med ei forholdsvis stor overregulering i denne gruppa, slik at ein kan få eit effektivt fiske når det er ver, forhold og leveranse. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag vil seie at det er eit stort poeng å unngå stopp og refordelingar i sesongen. Det er umogeleg å få ei effektiv drift med 5-6 refordelingar i ulike fiskeri utover hausten. Det bør heller vere mogeleg å flytte noko av gruppekvoten fram eller tilbake over årsskiftet. Fiskeri- og kystdepertementet sitt alt. 2 kan få som føljer at dorgeflåten vert oppkjøpt/utradert.
Sak 50/09- HØRING OM FASTSETTELSE AV FORSKRIFT OM REGULERING AV FISKET MED BUNNREDSKAP I NORGES ØKONOMISKE SONE, FISKEVERNSONEN RUNDT JAN MAYEN OG FISKEVERNSONEN VED SVALBARD. Høringsnotat frå Norges Fiskarlag datert 03.08.09. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag oversender saka til handsaming i Arbeidsutvalet.
Sak 51/09- OPPFØLGING AV FORVALTNINGSPRINSIPPET. Sak motteken frå Norges Fiskarlag datert 24.06.09. VEDTAK: Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag synest at dette er eit skoleeksempel på eit skrivebordsarbeid med mange fine grafar og tabellar. Saka er ikkje tufta på fiskarane sin kvardag eller føre-var-prinsippet. Styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag vil slå fast at ved all hausting av havets ressursar må regelverk og kvotar prioriterast yrkesfiskarane. Bestandssituasjonen for mange av artane i tabellane svingar med tilgjenge av mat, plankton, gyting og havtemperatur og dette går gjerne i syklus over mange år. F.eks silda på vestlandskysten med ein syklus på minst 50 år. Derfor kan ikkje tabellane i mange høve nyttast til problemstillingar knytt til forvaltningsprinsippet for å utnytte berekraftige bestandar. Vi kan hermed slå fast at Havressurslova set mål for forvaltning av alt levande liv i havet, men naturen har i alle dagar vore lunefull og ikkje alltid på forskarane sin side.
_____________________________ __________________________ Jarl Magne Silden Kristian Korneliussen
_____________________________ ___________________________ Stig Oldeide Magne Kristiansen
_____________________________ __________________________ Thomas Hjønnevåg Inge Storehaug
_____________________________ Oddmund Kvalheim sekretær |
| < Forrige | Neste > |
|---|