Fiskarlaget Nyheter

20.01.2015 10:05
Dugnadskartlegging på NVG
Næringsinitiativ
Dugnadskartlegging på NVG
Fiskerne bes om kartleggingsbistand før sildetoktet starter 2. februar
Foto: Jan-Erik Indrestrand

I arbeidet med bedre bestandsmål på sild bes fartøy om å delta i en kartleggingsdugnad frem mot toktet som starter 2. februar. En samarbeidsgruppe i næringen tillyser to dugnader for å bidra i kartleggingen.

Etter initiativ fra fiskerne skal det gjøres utvidede bestandsmålinger av norsk vårgytande sild (NVG) for å få mer korrekte mål av bestanden. Det er dannet en samarbeidsgruppe for fiskerne med representanter frå Fiskebåt, Norges Fiskarlag og Pelagisk Forening. Samarbeidsgruppa jobbar opp mot Havforskingsinstituttet (HI) og så langt er det gjennomført to felles toktplanleggingsmøte, og samarbeidet med HI om denne saken er svært godt.

Samarbeidsgruppa opplyser at det er første gang det gjøres et slikt samarbeid og oppfordrer fartøy til å melde seg til deltagelse og kommer med følgende oppfordring til næringen:


For at toktet skal kunne gjennomføras mest mogeleg effektivt, og gi best mogeleg resultat, ber samarbeidsgruppa sildefiskarane om å delta på to ulike dugnadar. Dette for å observere sildekonsentrasjonar frå i dag og fram til toktstart 2. februar 2015.

Dugnad 1:
Båtar som skal sigla til Island for å fiska lodde blir bede om å observera sildeførekomstar og rapportera desse til HI. Farty som vil delta i denne dugnaden blir bede om å melda seg til Norges Sildesalslag sin innmeldingstelefon dagen før utsegling. Det vil då bli avtalt ein startposisjon nær der fartyet er, og gjeve meir informasjon.

Dugnad 2:
Båtar som skal fiska sild på Norskekysten blir bede om å donera opp til to døgn i perioden 28. januar til 1. februar, for å delta i ei finare dekning av dei sildekonsentrasjonane som islandsbåtane har observert frå Eggakanten og utover. Dess betre bilete ein har av fordlinga av sild ute i havet rett før toktstart, jo mindre område og tettare dekning kan toktfartøya gå. Farty som vil delta i dugnad 2 blir bede om å kontakta Torfinn Gangstad.

Samarbeidsgruppa understrekar at det er fyrste gong det skjer eit slikt samarbeid mellom fiskarane og HI, og at dette er eit særs viktig forskingstokt for fiskarane. Ein vil og understreke at begge dugnadane vil spela ein stor rolle for kvaliteten av toktet. Ved å delta kan fiskarane gje eit viktig bidrag til å få betre kunnskap om storleiken på sildebestanden.

Spørsmål kan rettast til Torfinn Gangstad på tlf. 918 12 473 e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller Jens Christian Holst, tlf. 971 70 960, e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Norges Fiskarlag, representert v/Kjell Bjørnar Bakken
Fiskebåt v/Audun Maråk
Pelagisk Forening v/Ask Økland