Fiskarlaget Nyheter

09.11.2018 08:10
Fiskarmanntalet 2019
Sjekk din status!
Fiskarmanntalet 2019
Står du i manntalet?
Foto: Jan-Erik Indrestrand

Framlegg til fiskarmanntal for 2019 er sett opp og vil bli lagt ut til offentleg innsyn frå 10. november til 1. desember 2018, melder Fiskeridirektoratet på sin nettstad.

Direktoratet skriv at framlegget vil bli lagt ut på alle kontora til Fiskeridirektoratet i den enkelte region og på fiskeridir.no.

Fiskeridirektoratet ber om at kvar enkelt kontrollerer sin manntalsstatus for komande år. Den som meiner seg feil stroken eller feil ført, kan klage skriftleg til manntalsførar innan 1. desember 2018. Naudsynt dokumentasjon må følgje med.

Regionkontora til Fiskeridirektoratet er manntalsførar kvar for sin region.

Skriftleg klage med grunngjeving skal sendast til: 

  • Fiskeridirektoratet
  • Postboks 185 Sentrum
  • 5804 Bergen                     
  • eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Hugs å merke konvolutten eller e-posten med namnet på regionen der du er busett og ha med tilvising til referanse i saka.

Spørsmål kan rettast til regionkontoret der du bur etter 10. november:

  • Region Nord:

Elisabeth Richardsen, tlf. 913 79 242

Anastasia Henriksen, tlf. 958 78 113

  • Region Nordland:

Per Eilif Sagen, tlf. 81 45 625

Brita Kroknes, tlf. 468 47 058

  • Region Midt:

May Randi Bonesrønning, tlf. 452 99 865

Wenche Gjøstøl, tlf. 994 67 191     

  • Region Vest:

Magne Sumstad, tlf. 906 42 909  

  • Region Sør: May Britt Håland, tlf. 476 23 680