Fiskarlaget Nyheter

12.02.2019 09:35
Årsmøte i Fiskebåt
Sjå møtet på nett
Årsmøte i Fiskebåt
Styreleder Jonny Berfjord under sin åpningstale til årsmøtet
Foto: Kjell Ingebrigtsen

Fiskebåt held tirsdag og onsdag sitt årsmøte i Oslo. Du kan følge årsmøtet på nett.

Fiskebåt melder at ressursrenteskatt er eit av emna som skal debatterast. Seks innleiarar skal snakke om ressursrenteskatt på årsmøtet til Fiskebåt, som også i år blir arrangert på Hotel Bristol i Oslo. Trond Bjørndal frå NTNU kjem for å snakke om det er grunnlag for ein slik skatt. Det skal også Vegard Helland, konserndirektør Sparebank 1 SMN og Mons A. Paulsen, Advokatfirmaet Thommessen AS og styreleiar i Fiskebåt Jonny Berfjord.

Fiskebestandar

Det blir likevel ikkje berre snakk om skatt på årsmøtet. Geir Huse, forskningsdirektør, ved Havforskingsinstituttet skal gi oss siste oppdatering på ressurssituasjonen for sentrale bestandar. Og fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) for å snakke om regjeringa sin nærings- og fiskeripolitikk. Etter planen skal regjeringa legge fram si stortingesmelding om den framtidige fiskeripolitikken i løpet av våren.

På den andre årsmøtedagen blir det i tillegg til vanlege årsmøtesaker ei sak om CO2-avgift og kva utfordringar det kan gi for fiskeflåten.

Viktig møteplass

Årsmøtet er ein viktig møteplass for både næring og politikarar som kvart år trekkjer opp mot 400 deltkarar.

- Vi har fått på plass eit godt program med aktuelle tema, så vi ser fram til eit interessant møte, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Klikk her for å følge møtet direkte.

Les styrelederens tale i denne linken til Fiskebåts nettside.

Her kan du sjå heile programmet for møtet.