Fiskarlaget Nyheter

13.02.2019 11:55
Foreslår forenkling
Av teknisk regelverk
Foreslår forenkling
Jan Birger Jørgensen
Foto: Jan-Erik Indrestrand

Ei arbeidsgruppe foreslår å forenkle den såkalla utøvelsesforskrifta. Rapporten er no på høyring.

I rapporten blir det foreslått å erstatte forskrift om utøvelsen av fisket (Utøvelsesforskrifta) med ei ny forskrift om hausting av viltlevande marine ressursar. Vidare foreslår arbeidsgruppa mellom anna ei harmonisering av det tekniske regelverket for Nordsjøen og Skagerrak, samordning av regelverk og oppheving av reglar som det ikkje lenger er behov for.

Lettare å etterleve

Arbeidsgruppa har vore leia av Fiskeridirektoratet.  Målet med arbeidet har vore å forenkle eit detaljert regelverk og tilpasse regelverket til dagens situasjon, skriv direktoratet i ein omtale.

Norsk fiskerlovgiving er svært omfattande og detaljert. Arbeidsgruppa meiner at ei ny forskrift om hausting av marine ressursar og forenkling av det tekniske regelverket vil føre til at det blir lettare og betre å etterleve regelverket.

På høyring

Assisterande generalsekretær Jan Birger Jørgensen i Norges Fiskarlag har saman med Jan Ivar Maråk i Fiskebåt representert organisajonen i utvalet.

Jørgensen seier saka skal på intern høyring i Norges Fiskarlag sine medlemslag.

-Vårt innspel skal sluttbehandlast av Landsstyrets på vårmøtet før det blir oversendt til direktoratet, opplyser Jørgensen.

Link til arbeidsgruppa sin rapport (ekstern link)

Desse deltok i arbeidsgruppa:

  • Hanne Østgård, Fiskeridirektoratet (leiar)
  • Terje Halsteinsen, Fiskeridirektoratet
  • Robert Misund, Fiskeridirektoratet
  • Gjermund Birkeland, Fiskeridirektoratet (frem til 31.12.2016)
  • Bjarne Schultz, Fiskeridirektoratet (fra 01.01.2017)
  • Rolf Harald Jensen, Fiskeridirektoratet (fra 01.01.2017)
  • Erling Øksenvåg, Kystvakten
  • Jan Birger Jørgensen, Norges Fiskarlag
  • Jan Ivar Maråk, Norges Fiskarlag
  • Sigmund Mo, Norges Kystfiskarlag
  • Ask Økland, Pelagisk Forening

I tillegg har Kjell Nedreaas frå Havforskningsinstituttet deltatt på to av dei i alt fem møta som blei halde i gruppa