Fiskarlaget Nyheter

29.08.2019 08:15
1 500 lærer om fiskaryrket
Skuleungdom møter næringa
1 500 lærer om fiskaryrket
Ei fin kveite er nettopp tatt av linekroken under fiske i Barenshavet
Foto: Odd Kristian Dahle

Fredag 30. august samlast opp mot 1 500 ungdomar i Ålesund kulturhus for å lære om fiskaryrket. Den årlege ungdomsmønstringa har blitt ein viktig arena for å fortelje ungdom om eit spennande yrkesval.

Det er fleire organisasjonar innan fiskerinæringa som står bak arrangementet som i år samlar nesten 1500 deltakarar frå Sunnmøre og Romsdal.

- Fiskaryrket har blitt svært populært, men samtidig er det få som veit så mykje om det. Difor samlar vi ungdomar for å fortelje dei litt om kva dette går ut på. Påmeldinga viser at dette er populært og at interessa er stor, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i organisasjonen Fiskebåt, som organiserer den havgåande fiskeflåten.

Samla næring

Fiskebåt, Fiskarlaget, Surofi og Marint kompetansesenter står samla bak satsinga som trekkjer til seg 10.-klassingar frå eit stort omland.

- Dette er utan tvil ei viktig målgruppe med tanke på rekruttering til næringa og det er mange vegar fram, enten ein vel den praktiske eller teoretiske vegen, seier Dahle.

Konkurranse

Opplegget er nokså likt frå år til år. Først får ungdomane ein liten smakebit på kva det inneber å ha eit yrke på sjøen. Deretter får dei møte litt eldre ungdomar som har valt fiskeri som yrkesveg, før det blir Kahoot-konkurranse mellom dei forskjellige skulane. Premien er kr. 10 000 til klassa som vinn.

Amanda Tenfjord

For fjerde året på rad er det artisten Amanda Tenfjord som skal stå for underhaldninga i løpet av det tettpakka programmet, som på grunn av det store talet på deltakarar no blir køyrd som tre like sekvensar.