Fiskarlaget Nyheter

25.10.2019 08:05
Føringstilskot òg viktig i Vest
Om statsbudsjettet
Føringstilskot òg viktig i Vest
Frå hamna i Bergen
Foto: Jan-Erik Indrestrand

Fiskarlaget Vest vil peike på at ein har att få fiskemottak som tar imot fisk frå den mindre kystflåten i Hordaland og Rogaland. Det er viktig at dei desentraliserte fiskemottaka kan oppretthaldast, skriv Fiskarlaget Vest.

Kystfiske og fiskemottaka er òg viktig på Vestlandet!  

Fiskarlaget Vest vil peike på at ein har att få fiskemottak som tar i mot fisk frå den mindre kystflåten i Hordaland og Rogaland. Det er difor ekstra viktig at tilhøva blir lagt til rette for at dei desentraliserte fiskemottaka kan oppretthaldast. Spesielt om målsetjinga til Regjeringa fortsatt er at ein skal ha ein differensiert fiskeflåte i distrikta, for ein føreset at målsetjinga til Regjeringa òg gjeld Vestlandet!

Føringstilskot er ikkje eit tilskot til fiskarane. Ein vil minne om at føringstilskotet er eit bidrag til å oppretthalde fiskeriaktiviteten, og dei ringverknadene den har i samfunna langs kysten. Ein kan m.a. nemne at ein er med på å oppretthalde busetnad, nyttar lokale verksemder som t.d. utstyrsleverandørar, verkstader, bunkring, matbutikkar, sponsar lokal idrett og i tillegg betaler ein skatt av personinntekt/rederi.

Fiskeriaktiviteten bidrar òg til verdiskaping i høve at ressursane i fjordane, og langs kysten, blir utnytta, jf. fokuset i meldinga frå Regjeringa om «Et kvotesystem for økt verdiskaping - en fremtidsrettet fiskerinæring MELD.ST. 32 (2018–2019)».

Ein vil òg minne om at fiskarane sine salslag gjer ein stor gratis jobb for forvalinga i høve t.d. ressurskontroll, fangststatistikk, fangstsertifikat osb.

Om ikkje ein fører vidare ordninga med føringstilskot via Statsbudsjettet kan det ha konsekvensar for mogelegheita til å fortsatt kunne drive kystfiske i distrikta!