Aktuelt

25.04.2019 11:10
Doblar staben
Fiskarlaget Vest
Doblar staben
Eirin Kongestøl Espeland startar opp som rådgjevar i Fiskarlaget Vest frå 29. juli
Foto: Privat

Eirin Kongestøl Espeland er tilsett som saksbehandlar i Fiskarlaget Vest. 27-åringen startar i stillinga i slutten av juli.

Eirin Kongestøl Espeland er frå Stord og skal arbeide ved Fiskarlaget Vest sitt kontor i Bergen.

Det var i samband med jubileumsårsmøtet i laget, som opna i Stavanger torsdag føremiddag, at leiar Kåre Heggebø orienterte møtet om nytilsettinga.

Kåre Heggebø seier han er godt nøgd med tilsettingsprosessen og glad for å kunne informere om at Eirin Kongestøl Espeland har takka ja til stillinga. Ho skal primært arbeide med plansaker ved kontoret i Bergen.

– Eg trur Eirin vil styrke administrasjonen på ei god måte, og eg håpar medlemmane tar godt imot henne.

Fiskarlaget Vest doblar med dette staben ved kontoret, der Britt Sæle Instebø fram til no har halde i alle trådar ved kontoret som dagleg leiar.

– Eg ser fram til å få auka staben i Bergen, og at me samla sett no blir endå betre i stand til å arbeide for medlemane sine interesser både i kystsona og når det gjeld generell medlemsservice, seier Heggebø.

Eirin Kongestøl Espeland startar i stillinga som rådgjevar 29. juli. Ho arbeider no i administrasjonen ved Nordatlantisk samarbeide (NORA) på Færøyane.

27-åringen frå Stord har studert samfunnsfag ved Høgskulen Stord/Haugesund. Ho har òg tatt ein bachelorgrad i kinesisk ved universitetet i Bergen, og har også bachelor og master i samfunnsøkonomi.

– Vi ønskjer Eirin velkomen inn i fiskarfamilien og organisasjonen vår, avsluttar Kåre Heggebø.