Aktuelt

09.08.2019 08:50
«Kystens framtid i nye Vestland»
Utvider påmeldingsfristen
«Kystens framtid i nye Vestland»
Leder Jarl-Magne Silden og daglig leder Henriette Skaar i Sogn og Fjordane Fiskarlag inviterer til konferanse i september
Foto: Jan-Erik Indrestrand

«Kystens framtid i nye Vestland» har no dei fleste programdetaljane på plass. Konferansen er i regi av Sogn og Fjordane Fiskarlag i dagane 17. og 18. september i Bremanger.

Det er i forbindelse med regionreforma som trer i kraft 1. januar 2020 og overføringa av ansvaret for fiskerihamnene frå Kystverket til dei nye regionane at Sogn og Fjordane Fiskarlag inviterer til konferansen i Bremanger kommune.

Stortingsmeldinga om kvotesystemet i fiskeria vil og vere på agendaen i løpet av dei to planlagte konferansedagane ved Iglandsvik Næringspark.

Meld deg på!

– Vi har fått positive tilbakemeldingar om deltaking frå ei rekkje sentrale personar både i forvaltninga, politikken og i organisasjonen. Samla sett trur eg derfor mange vil finne konferansen nyttig. Vi har fått mange titall påmeldingar, men vel også av den grunn å utvide påmeldingsfristen til 30. august, fortel dagleg leiar Henriette Skaar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Målgruppa for konferansen er aktive fiskarar og andre næringsaktørar, samt forvaltninga og dei politiske miljøa.

Sentrale deltakarar

Til å halde innlegg om kvotemeldinga kjem advokat Bjørn Sørgård fra advokatfirmaet Haavind, administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt og dagleg leiar i Fiskarlaget Nord Jon Erik Henriksen.

Under temaet om fiskerihavnene vil Kystverket delta sammen med fiskar og landsstyremedlem i Fiskarlaget Geir Magne Røys, Bård Sandal som er fylkesdirektør regional utvikling i Hordaland og påtroppande fylkesdirektør for innovasjon og næring i nye Vestland fylke, samt stortingsrepresentant for Høgre Tom Christer Nilsen.

 Bedriftsrådgiver Steinar Ryland i Sparebanken Sogn og Fjordane skal halde innlegg med tittelen "Fiskerinæringa si betydning for kysten" for å syne fram næringa si betydning.

Møtefakta:

  • Påmeldingsfrist er utvida til 30. august
  • Påmelding til Sogn og Fjordane Fiskarlag: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
  • Stad: Iglandsvik Næringspark
  • Tid: 17. og 18. september med møtestart kl 13 og avslutning dagen etter kl 15.
  • Dagpakke inkludert overnatting: 1 250,-
  • Middag: 900,-