«Kystens framtid i nye Vestland»

Kategori
Konferanse
Dato
17. september 2019 13:00 - 18. september 2019 15:00
Sogn og Fjordane Fiskarlag inviterer i september til konferansen «Kystens framtid i nye Vestland».

Det er i forbindelse med regionreforma som trer i kraft 1. januar 2020 og overføringa av ansvaret for fiskerihamnene frå Kystverket til dei nye regionane at Sogn og Fjordane Fiskarlag inviterer til konferansen i Bremanger kommune.

Stortingsmeldinga om kvotesystemet i fiskeria vil og vere på agendaen i løpet av dei to planlagte konferansedagane ved Iglandsvik Næringspark.

Meld deg på!

-Vi har fått positive tilbakemeldingar om deltaking frå ei rekkje sentrale personar både i forvaltninga, politikken og i organisasjonen. Samla sett trur eg derfor mange vil finne konferansen nyttig. Vi har fått mange titall påmeldingar, men vel også av den grunn å utvide påmeldingsfristen til 30. august, fortel dagleg leiar Henriette Skaar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Målgruppa for konferansen er aktive fiskarar og andre næringsaktørar, samt forvaltninga og dei politiske miljøa.

Sentrale deltakarar

Til å halde innlegg om kvotemeldinga kjem advokat Bjørn Sørgård fra advokatfirmaet Haavind, administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt og dagleg leiar i Fiskarlaget Nord Jon Erik Henriksen.

Under temaet om fiskerihavnene vil Kystverket delta sammen med fiskar og landsstyremedlem i Fiskarlaget Geir Magne Røys, Bård Sandal som er fylkesdirektør regional utvikling i Hordaland og påtroppande fylkesdirektør for innovasjon og næring i nye Vestland fylke, samt stortingsrepresentant for Høgre Tom Christer Nilsen.

Fiskerinæringa si betydning for kysten – er overskrifta for innlegget som bedriftsrådgiver Steinar Ryland i Sparebanken Sogn og Fjordane skal halde for å syne fram næringa si betydning.

Møtefakta:

Påmeldingsfrist er sett til 30. august.

Påmelding til Sogn og Fjordane Fiskarlag: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Stad: Iglandsvik Næringspark

Tid: 17. og 18. september med møtestart kl 13 og avslutning dagen etter kl 15.

Dagpakke inkludert overnatting: 1 250,-

  • Middag: 900,-
 
 

Datoer

  • Fra 17. september 2019 13:00 til 18. september 2019 15:00

Drevet av iCagenda