Fiskarlaget Nyheter

2020-04-06 12:15
Skjema for leppefisket
Startar 17. og 31. juli
Leppefisk i not
Foto: Jan-Erik Indrestrand

Fiskeridirektoratet har lagt ut skjema for deltaking i årets fiske etter leppefisk for både yrkesfiskarar og fritidsfiskarar. Årets sesong opnar 17. juli sør for 62° N og 31. juli nord for 62° N.

I 2020 kan det fiskast fire millonar leppefisk på kyststrekninga frå grensa til Sverige til Varnes fyr på Lista.

På strekninga Varnes fyr til 62° N (Stad) er kvoten på 10 millionar leppefisk og nord for 62° N er kvoten fire millionar leppefisk. Fisket etter leppefisk varer til 20. oktober i alle område.

I 2020 kan det fiskast fire millonar leppefisk på kyststrekninga frå grensa til Sverige til Varnes fyr på Lista. På strekninga Varnes fyr til 62° N (Stad) er kvoten på 10 millionar leppefisk og nord for 62° N er kvoten fire millionar leppefisk. Fisket etter leppefisk varer til 20. oktober i alle område.

Leveringsavtale

Alle som skal fiske og levere leppefisk for sal må ha ein gyldig leveringsavtale som skal sendast inn via elektroniske skjema som Fiskeridirektoratet no har lagt ut på nettsidene. 

Fritidsfiskarar som skal levere leppefisk må ha godkjenning frå eitt av Fiskeridirektoratets regionkontor for å få slik godkjenning. I tillegg må båten som skal nyttast i fritidsfisket vere registrert i Småbåtregisteret.I år skal alle som deltek i fisket etter leppefisk, inkludert fritidsfiskarar som skal levere fangst for sal, ha AIS om bord.

Nærare informasjon om AIS-kravet er her: Lenke til FAQ om AIS 

Kun teiner i fritidsfiske

Kvotane i fisket etter leppefisk er delt inn i to grupper. Merkeregistrerte fartøy i lukka gruppe kan fiske inntil 48 000 leppefisk i løpet av sesongen, medan fartøy i ope gruppe kan fiske inntil 5 000 fisk.

Fritidsfiskarar med leveringsavtale og godkjenning frå Fiskeridirektoratet kan levere leppefisk for inntil 50 000 kroner. I år kan fritidsfiskarar kun nytte teiner i fisket etter leppefisk.

Du finn omtalte skjema hos Fiskeridirektoratet (ekstern lenke)
https://www.fiskeridir.no/Yrkesfiske/Registre-og-skjema/Skjema/Leppefisk

Design/utvikling: Luculentus as

Norges Fiskarlags nettsteder bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen og samle inn informasjon om bruksmønstre. Vi bruker også denne informasjonen til analyseformål. Noen av disse er informasjonskapsler fra tredjepart.