Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
28.01.2020

Møtte ministeren

Fiskarlaget Vest

Fiskarlaget Vest drøfta fredag fiskeripolitiske saker med fiskeri- og sjømatministeren i Bergen.

Som eit ledd i fiskeri- og sjømatministeren si tredagarsreise til Rogaland og Vestland var det fredag eit møte mellom ministeren og leiinga i Fiskarlaget Vest.

Frå Fiskarlaget deltok leiar Kåre Heggebø og styremedlem Jarle Glesnes saman med dei to i staben.

Leiar Kåre Heggebø nytta høvet til å ta opp sentrale saker som både slår inn generelt for fiskarane og særskild for fiskarane i medlemslaget sitt område.

-Vi hadde ein god prat med statsråden og tok mellom anna opp spørsmål knytt til kvotemeldinga, arealkonflikter langs kysten og til havs og vi orienterte og tok opp tema knytt til lokale fiskeriinteresser, fortel  Heggebø.

I Bergen har ministeren mellom anna møtt Sildelaget, Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet.

Møtet med Fiskarlaget var det siste møtepunktet under den tre dagar lange reisa i Rogaland og Vestland.