Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
17.07.2020

Sjøslag med Storbritannia?

Kronikk om Brexit

-Mykje tyder på at sjømatnasjonen Norge kan bli sett på prøve. De skriv dei to sjømatleiarane Geir Ove Ystmark og Otto Gregussen i kronikken som fredag er på trykk i Dagens Næringsliv. Temaet er Brexit og arbeidet med nye handelsavtalar med Storbritannia.

Blir det eit sjøslag med Storbritannia?

Skiftande regjeringar dei siste ti-åra har uttrykt ei målsetjing om at marknadstilgangen for norsk sjømat internasjonalt må bli betre. Vi opplever at det er politisk semje om dette. Forhandlingane om ein ny frihandelsavtale med Storbritannia kan bli ein syretest for dette breie politiske forliket.

Frå neste årsskifte går Storbritannia ut av EØS-samarbeidet, og nye handelsavtaler må på plass. Norge førebur seg på forhandlingar med ein av dei største handelspartnarane våre, Storbritannia. Det er ei sjeldan hending. Mykje tyder på at sjømatnasjonen Norge kan bli sett på prøve.

Medan norsk industri blei sikra fri flyt av varer til EU-marknaden gjennom EØS-avtalen møter sjømatnæringa til dels store hindringar i handelen med EU. Norge er den nest største eksportøren av sjømat i verda, men klarte ikkje å sikre næringa sine interesser i EØS-avtalen, den fremste og viktigaste handelsavtalen vår. Gjennom 26 år med EØS har utfordringa til tider stått i kø, men det har knappast vore løfta ein finger for å betre situasjonen.

Sjølv om 2/3-del av norsk sjømat hamnar i EU har handelsvilkåra prega næringsutviklinga i Norge.  Vi betalar toll på 70 % av eksportvolumet og er i praksis utestengt for mange produkt. Resultatet er at norsk sjømat heller blir bearbeida inne i EU enn langs kysten vår. Fiskeindustrien i EU har gradvis tatt over norsk produksjon. Norske verksemder har sett seg nøydde til å etablere seg i Sverige, Danmark, Polen m.m, der dei baserer produksjonen på norske råvarer.

Er det i erkjenninga av at sjømatnasjonen Norge har forsømt seg at vi frå talarstolen i Stortinget stadig får høyre at vi må prioritere handelen med sjømat i internasjonale forhandlingar. Når vi no skal forhandle ein ny avtale er spørsmålet, kor langt er politikarane villige til å gå? Vil vi gjere ord om til handling?

I tida etter 1994 har sjømatnæringa styrka posisjonen sin nasjonalt. Næringa er prega av vekst,  berekraftig produksjon og klimavenleg mat. Også på dette området er det politisk semje om at dei marine næringane er viktige framtidsnæringar for oljenasjonen Norge. 

Vi rår over store havområder, vi forvaltar rike fiskebestandar og har naturgitte forhold langs kysten som er godt eigna til havbruk. Med dette som utgangspunkt har vi skapt ein stor internasjonalt konkurransedyktig næringsmiddelindustri. Næringa har enno potensiale for vekst og har evighetens perspektiv. Men næringa skal konkurrere i ein tøff global matvaremarknad, og  er difor avhengig av å ha gode handelsvilkår. 

Når Norge i haust skal forhandle ein ny frihandelsavtale med Storbritannia forventar vi at handelen med sjømat blir sikra på ein god måte. Vi forventar at Norge tør å prioritere næringar som er lønsame, som skaper verdiar og arbeidsplassar og som er internasjonalt konkurransedyktige. Sjømatnæringa er ei slik næring. Det er no vi skal forhandle, og de er no vi må ta desse prioriteringane. Det kan bli svært lenge til neste gong. 

  • Otto Gregussen, generalsekretær i Norges Fiskarlag
  • Geir Ove Ystmark, administrerende direktør i Sjømat Norge