Fiskarlaget Nyheter

2021-02-18 11:40
Ny krillkunnskap
Svært sårbar
Ny krillkunnskap
Éin av dei vanlege krillartane i norske farvatn: Meganyctiphanes norvegica
Arkivfoto: Kjartan Mæstad / Havforskingsinstituttet

Ein halv promille av «laksedosen» var dødeleg for krillen. Det viser ny forsking frå Havforskningsinstituttet (HI).

– Av dei artane forskinga har undersøkt til no, er krillen den mest følsame, seier doktorgradsstipendiat Rosa Escobar-Lux og siktar til sin nyaste studie.

Det er HI som omtaler eiga forsking i en artikkel på eigen nettstad.Hydrogenperoksid er eit middel mot lakselus som blir tilsett vatnet fisken svømmer i. Anten i merden eller i brønnbåt. I begge tilfella endar stoffet i sjøen der det blir tynna ut og etter kvart brote ned. Forskarane undersøker derfor korleis andre artar enn laks og lus toler stoffet.

Kunnskapen frå dette forsøket gjekk inn i ein ny, omfattande rapport der forskarane undersøkte 79 tilfelle av massedaud krill. 

– Krillen er ein viktig art både til havs og langs Norskekysten. Særleg mellom januar og mai står den nær kysten. I same periode har bruken av hydrogenperoksid tradisjonelt vore høg, forklarar forskaren.

Dei nye resultata er del av HI sin aukande kunnskap om korleis ulike lusemiddel verkar på ville artar. 

Les heile saka med referansar hos Havforskingsinstituttet i denne lenka.


Fiskarlaget om saka

Norges Fiskarlag har i lang tid peika på utfordringar knytt til lusebehandling med det aktuelle middelet. HI si forsking om omtale stadfestar både våre erfaringar, vårt arbeid og andre forskarar sitt arbeid på området.

FHF har finansiert forskning, gjennomført av Akvaplan-niva, som også viser at algar, krill og andre krepsdyr tek skade av hydrogenperoksid i langt lågare konsentrasjonar enn det som blir brukt mot lakselus (lenke til rapporten

Her blir det vist til at konsentrasjonar mindre enn ein promille av behandlingsdosen er skadeleg, og skade kan skje 5-10 km unna utsleppspunktet. 

Norges Fiskarlag har omtalt temaet i fleire artiklar, også i eit tilsvar til Fiskeribladet si dekning av ei sak frå Helgeland (nederst under):

  • 4. feb 2021: Norges Fiskarlag mener det er helt nødvendig å rapportere hvor mye lusemidler som slippes ut, og når dette gjøres. Hvis ikke vil vi aldri få god nok kunnskap om effekten dette har på krepsdyrbestandene og det marine miljøet. Også forskerne synes å støtte dette kravet.
  • 9. okt 2020: Fiskeribladet har de siste ukene publisert en serie artikler om rekebestandene og utslipp av legemidler mot lakselus. Fiskeribladets artikler bygger på feilaktige og delvis oppkonstruerte data

Cookies Personvern

Design/utvikling: Luculentus as

Norges Fiskarlags nettsteder bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen og samle inn informasjon om bruksmønstre. Vi bruker også denne informasjonen til analyseformål. Noen av disse er informasjonskapsler fra tredjepart.