Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
20.05.2021

Einig om miljøtiltak

Arktisk råd

På utanriksministermøtet i Arktisk råd i Reykjavik torsdag vedtok dei åtte arktiske landa ein handlingsplan som skal gjere hava reinare.

– Vi lever alle av dei ressursane vi finn i havet, men for Noreg er dette særleg viktig sidan ein så stor del av havområda våre ligg i nord og ni prosent av befolkninga vår bur i det vi kallar arktiske område, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Ho deltok på møtet i Arktisk råd saman med utanriksministrane frå USA, Canada, Russland, Island, Danmark, Sverige og Finland. Dei vedtok også ein strategi for det arktiske samarbeidet.

Handlingsplanen mot marin forsøpling er sett saman av om lag 60 tiltak for å redusere marin forsøpling i Arktis. Planen inneheld tiltak for å redusere avfall frå fiskeri, akvakultur og skipstrafikk og for å betre avfallsmottak i hamner. Den handlar også om tiltak retta mot strandrydding, forsking og overvaking og internasjonalt samarbeid.

Havet blir stadig viktigare for å dekkje verdas behov for berekraftig energi, transport, mat, medisinar og arbeidsplassar. Men havet er i krise mange stader. Klimaendringar, forureining, overfiske og tap av naturmangfald truar verdshava. Noreg står i fremste rekke i arbeidet for å tryggje hava.

– Plast i havet er eit aukande problem også i Arktis og utgjer ein fare for sjøfugl og sjøpattedyr. Vi treng denne handlingsplanen fordi han både tar initiativ til godt samarbeid om å hente inn meir kunnskap om plast i Arktis og tiltak for å redusere plastforureininga. Denne handlingsplanen er eit godt døme på korleis dei arktiske landa kan utvikle det regionale havmiljøsamarbeidet vidare og gjere ein sams innsats for miljøet i Arktis, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Noreg skal dei neste to åra vere med å leie to samarbeidsprosjekt som gjeld plastforureining i Arktis; eit som skal gi grunnlag for meir effektive tiltak mot tap av fiskereiskap, og eit som gjeld strandrydding i arktiske strøk. Dette er område der Noreg allereie har brei erfaring.

Ein viktig del av arbeidet i Arktisk råd vert gjort i arbeidsgruppene og handlar om å auke kunnskapen og datagrunnlaget om mellom anna klimaendringar og påverknad på miljøet i Arktis, som grunnlag for samarbeid om tiltak. Dei dramatiske klimaendringane i Arktis skuldast i hovudsak globale klimautslepp over tid og ikkje berre aktivitet i regionen sjølv. Tiltak der utsleppa skjer og multilateralt samarbeid for å hanskas med utfordringane er difor avgjerande.

På utanriksministermøtet på Island vart Arktisk råd også for fyrste gongen samde om ein strategisk handlingsplan for heile breidda i Rådets arbeid, som femner om både klima, miljøvern og berekraftig økonomisk utvikling i Arktis. Denne gjeld for perioden 2021-2030. Planen inneheld ein visjon og sju strategiske mål for Rådets arbeid, og vil bli viktig for det regionale samarbeidet om å nå FNs berekraftsmål.

– Eg er glad for at dei arktiske landa med denne strategien demonstrerer samhald og at arktisk samarbeid er viktig og verdsett. Klima og miljø er overskrifta for fleire av dei strategiske måla, men også berekraftig økonomisk utvikling og behovet for oppdatert kunnskap, seier utanriksminister Eriksen Søreide.

Arktisk råd er samd om ei rekkje tiltak for å nå måla. Mellom anna: dokumentere og rapportere klima- og miljøendringar, redusere utslepp av klimagassar og kortlevde klimadrivarar, å satse på grøne energiløysingar, økosystembasert forvalting og ta vare på sårbare økosystem og naturmangfald. I tillegg mellom anna: samarbeid om helse og tryggleik for den arktiske folkesetnaden, tiltak for å trygge levedyktige samfunn, og samarbeid om å styrke det sams kunnskapsgrunnlaget og å bruke strategisk kommunikasjon for å auke kunnskapen om Arktisk råds arbeid.