Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
28.10.2021

Makrellavtale klar

Einig om totalkvote

EU, Færøyane, Grønland, Island, Noreg og Storbritannia har signert ein avtale om totalkvote på 794 920 tonn makrell for 2022. Dette er litt ned frå årets nivå.

Avtalen på makrell er i tråd med det internasjonale havforskingsrådet ICES si tilråding og inneber ein nedgang frå kvoten for 2021 som var på 852 284 tonn.

– Dei vitskapelege råda viser at makrellbestanden er på veg nedover, og det har vi tatt på alvor når årets kvote vart fastsett, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei pressemelding frå departementet.

Kyststatane er dessutan samde om å setje ned ei arbeidsgruppe som skal samle informasjon om utbreiinga til makrellen. Formålet er å få eit godt grunnlag for vidare forhandlingar om kvotefordeling. Arbeidsgruppa skal presentere sin rapport seinast 28. februar neste år, og partane er samde om å møtast i mars for vidare forhandlingar.

– Det er bra at kyststatane har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på utbreiinga til makrellen. God informasjon er ein føresetnad for ein god avtale om fordeling og bør kunne bidra til å motverke overfiske av makrell, seier fiskeri- og havminister Skjæran.

Les detaljane i avtalen: Mackerel – Agreed Record – 27 Oct 2021.pdf