Fiskarlaget Nyheter

2022-08-11 10:15:00
Avtale om kai i boks
Sjark-hamn i Selje
Avtale om kai i boks
Lestovika
Foto: Stad kommune

-Dette er ei gladsak for lokale sjarkfiskarar og for unge som vil inn i næringa. Det seier dagleg leiar Henriette Skaar i Sogn og Fjordane Fiskarlag etter at Stad kommune har signert kontrakt om kjøp av kaianlegget i Lestovika.

Kaianlegget i Lestovika har vore i familien Årvik sitt eige sidan 60-talet og avtalen om overdraging til kommunen blei gjort 3. august, melder Stad kommune på eigen nettstad.

Stad Eigedomsutvikling KF sitt formål om kjøp av kaianlegget i Lestovika er tilrettelegging og utvikling av fiskerikai for sjarkfiskeflåten, samt tilrettelegging for nye unge etablerarar innafor fiskerinæringa, skriv kommunen.

Saka har over lang tid vore arbeidd med, også frå Fiskarlaget si side, og vedtaket om kjøp blei gjort av kommunen i mars. Det er bestemt å bruke ni millionar kroner på det nye kaianlegget i Lestovika. Offisiell opning av fiskerikaia vert hausten 2022.

Planen vidare er å starte opp med oppgradering av området, slik at det vert formålstenleg for den drifta næringa har etterspurt. Det skal i første omgang leggjast ut ei 60 meter lang betongflytebrygge. Denne skal vere klar til bruk i løpet av hausten 2022.

Det skal også ryddast opp og stellast til eit område for parkering- og miljølogistikk.

I 2023 er planen å forbetre og legge til rette for  fasilitetar på infrastruktur og logistikk på fiskerikaia.

– Vi har jobba i mange år for å få til dette i Selje sør. At det no skjer er berre veldig positivt, har Njål Aarsheim, leiar i Nordfjord Fiskarlag, tidlegare uttalt til Fjordenes Tidende.

Henriette Skaar seier ho er imponert over arbeidet Njål Aarsheim har lagt ned i saka.

-Han viser med dette kor viktig det er med engasjerte medlemmar og lokallag, og samstundes håpar vi på framleis godt samarbeid med kommunen, seier Skaar og viser til engasjementet for fiskerinæringa og arbeidet som blir gjort i skuleverket knytt til rekruttering.

Hamneavgift for bruk av kai vil følgje gjeldande hamnesats, opplyser kommunen.

-Vi håpar dermed at vi har vore med på å innfri ønskja og behova for fiskerinæringa, og at kaia blir brukt vel, seier prosjektleiar i Stad Eigedomsutvikling Svein Otto Melheim.

3. august signerte Per Knut Årvik og Sverre M Årvik avtale med Stad kommune om kjøp av kaianlegget på Lesto. Svein Otto Melheim, prosjektleiar Stad Eigedomsutvikling og ordførar Gunnar Silden er godt nøgde med at kapasiteten og tilhøva no vert vesentleg betra.

Cookies Personvern

Design/utvikling: Luculentus as

Norges Fiskarlags nettsteder bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen og samle inn informasjon om bruksmønstre. Vi bruker også denne informasjonen til analyseformål. Noen av disse er informasjonskapsler fra tredjepart.