Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
28.10.2022

Spennande dag

Notfiskarlaget

Sju årsmøter har sagt JA til den nye organisasjonsmodellen. Fredag skal Sør-Norges Notfiskarlag som det åttande og siste laget ta stilling til spørsmålet. Årsmøtet er sett opp frå 13.00–17.30 i Bergen.

For andre gong på eit halvår heldt leidar Roar Benjaminson fredag opningstale til årsmøtet i Sør-Norges Notfiskarlag.

Bakgrunnen er altså at årsmøtet fredag er det siste av i alt åtte medlemsledd som skal ta stilling til etablering av den nye organisasjonsmodellen i Norges Fiskarlag.

I opningstala var starta han med å omtale krigen mellom Russland og Ukraina og følgjene dette har for verda. Han peika på pris på drivstoff, kraft, råvareprisar på mat og materiell – og marknaden for pelagiske artar.

– Omsetninga totalt sett i sjømatnæringa har gått godt – det er me sjølvsagt veldig glade for, understreka han, samtidig som han ser med uro på utgiftssida for fiskarane.

– Trass i generelt gode prisar på fisken er det synd at moglegheita for gode år og utvikling mot det grøne skiftet forsvinn i stadig meir avgifter og nye pålegg, og dermed utgifter til byråkrati, sa Roar Benjaminson.

Til liks med Terje Eriksen i hans opningstale til Fiskarlaget Vest torsdag så peika Bejnaminson på at næringa treng langsiktige stabile rammevilkår – uavhengig kven som styrer landet.

– Fiskerinæringa, som er ei så viktig næring har krav på stabilitet, sa han. 

Marknad og tilgang

Brexit, manglande internasjonale avtaler og dermed manglande tilgang til å kunne fiske i britisk sone skaper også utfordringar for næring.

Han omtaler det som viktig at den minste flåten, som må fiske når makrellen er tilgjengeleg langs kysten, får ein mest mogleg rett kvote i forhold til årskvoten frå årets start. 

Han var vidare innom dei ulike fiskeria, som brislingfisket og lysfisket, og peika på at fiske med lys er lovleg verksemd. Han etterlyste meir støtte frå forvaltninga knytt til å synleggjere dette.

Roar Benjaminson omtaler det også som synd at fiskarane i stadig større grad ikkje oppfattar Fiskeridirektoratet som ein medspelar.

– Ein må dessverre igjen peike på saka om rapportering for den minste flåten, som me hadde oppe på møte i vår. Vi kan ikkje akseptere at den minste flåten, med gjerne fleire fartøy i fiske, skal måtte rapportere på same nivå som større fartøy, sa han og ba også om at det i samband med den kommande nvg-sesongen blir tilrettelagt for god føringskapasitet, og administrering, for opptak av nvg-sild for flåten under 15 meter. 

– Eg meiner òg at ein må få ei generell avklaring frå fiskeriforvaltinga i høve fjordline på vandrande bestandar når det ikkje er uakseptabel innblanding, sa han.

Roar Benjaminson avslutta talen sin med å framsnakke næringa som arbeidsplass: – Avslutningsvis vil eg peike på at fiskerinæringa må vere ein god plass å jobbe både for kvinner og menn i alle aldrar.

Årsmøtedagen

Delegatar og gjester er fredag ettermiddag samla på Radisson Blu på Bryggen i Bergen.

I tillegg til å ta opp saka om ny organisering i Fiskarlaget skal årsmøtet behandle to saker:

«Kystbrisling – orientering frå King Oscar» der Bjørn Nordvik stiller frå selskapet.

«Regelverk for fiske med lys» står også på dagsordenen.