Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
02.11.2022

Inviterer til opning

Lestovika

Stad kommune inviterer torsdag 10. november til opning av Lesto Kai i Moldefjorden ved Selje. Ordførar Gunnar Silden ønskjer spesielt fiskarar velkomen til opninga.

Kaia har blitt ein realitet etter tett samarbeid mellom kommunen og fiskarane.

Ordførar Gunnar Silden seier det i lengre tid har vore behov og etterspurnad etter ei meir attraktiv hamn i området ved Lesto og at det er med stor glede kommunen no kan invitere til opning av eit oppgradert kaianlegg med betre kapasitet og infrastruktur.

Aktivt lokallag

Den nye kaia ligg i ei naturleg hamn som har vore nytta av sjarkflåten over tid. No er det på plass ei 60 meter lang betongflytebrygge.

Frå Fiskarlaget si side har lokallagsleiar Njål Aarsheim (bildet) i Nordfjord Fiskarlag vore aktiv.

Han seier det er arbeidd i mange år for å få til dette i Selje sør. At det no skjer er veldig positivt, seier Njål Aarsheim.

Han har tett og god kontakt og dialog med kommunen, politikarane og grunneigarane i Lestovika.

-Ein stor dag for dagens, og morgendagens sjarkfiskarar i Selje. Det er synd eg sjølv ikkje har mulighet til og være med på åpningsdagen, sier 30-åringen, som arbeider som styrmann på «Sjøvær».

Njål Aarsheim, leiar i Nordfjord Fiskarlag har vore aktiv i arbeidet med å få på plass hamnetilbodet frå fiskarane si side.  Foto: Jan-Erik Indrestrand

Viktig bidrag

Dagleg leiar Henriette Skaar i Sogn og Fjordane Fiskarlag seier lokallagsleiaren har bidratt med eit viktig arbeid for dei lokale fiskarane og at arbeidet mellom anna viser kor viktig det er med arbeidet i lokallaga i ein organisasjons som Norges Fiskarlag.

Det nye hamnetilbodet ligg rett ved den komande Stad Skipstunnel og ordføraren håper at etableringa av anlegget også skal bidra til at nye fiskarar vil sjå tilbodet som så godt at dei etablerer seg med aktivitet ut frå hamna.

Dette skjer: Stad kommune opplyser at det i samband med opninga torsdag 10. november klokka 12 vil bli talar, snorklipping og servering av kake og kaffe .