Dette er en arkivert artikkel fra gammel nettside. Formateringsfeil og mangler kan forekomme.
27.06.2019

«Kystens framtid i nye Vestland»

Utvider påmeldingsfristen

«Kystens framtid i nye Vestland» har no dei fleste programdetaljane på plass. Konferansen er i regi av Sogn og Fjordane Fiskarlag i dagane 17. og 18. september i Bremanger.

Det er i forbindelse med regionreforma som trer i kraft 1. januar 2020 og overføringa av ansvaret for fiskerihamnene frå Kystverket til dei nye regionane at Sogn og Fjordane Fiskarlag inviterer til konferansen i Bremanger kommune.

Stortingsmeldinga om kvotesystemet i fiskeria vil og vere på agendaen i løpet av dei to planlagte konferansedagane ved Iglandsvik Næringspark.

Meld deg på!

– Vi har fått positive tilbakemeldingar om deltaking frå ei rekkje sentrale personar både i forvaltninga, politikken og i organisasjonen. Samla sett trur eg derfor mange vil finne konferansen nyttig. Vi har fått mange titall påmeldingar, men vel også av den grunn å utvide påmeldingsfristen til 30. august, fortel dagleg leiar Henriette Skaar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Målgruppa for konferansen er aktive fiskarar og andre næringsaktørar, samt forvaltninga og dei politiske miljøa.

Sentrale deltakarar

Til å halde innlegg om kvotemeldinga kjem advokat Bjørn Sørgård fra advokatfirmaet Haavind, administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt og dagleg leiar i Fiskarlaget Nord Jon Erik Henriksen.

Under temaet om fiskerihavnene vil Kystverket delta sammen med fiskar og landsstyremedlem i Fiskarlaget Geir Magne Røys, Bård Sandal som er fylkesdirektør regional utvikling i Hordaland og påtroppande fylkesdirektør for innovasjon og næring i nye Vestland fylke, samt stortingsrepresentant for Høgre Tom Christer Nilsen.

 Bedriftsrådgiver Steinar Ryland i Sparebanken Sogn og Fjordane skal halde innlegg med tittelen «Fiskerinæringa si betydning for kysten» for å syne fram næringa si betydning.

Møtefakta:

  • Stad: Iglandsvik Næringspark
  • Tid: 17. og 18. september med møtestart kl 13 og avslutning dagen etter kl 15.

  • Dagpakke inkludert overnatting: 1 250,-
  • Middag: 900,-